Tønsbergitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tønsbergitt
Tønsbergitt

Tønsbergitt er ein raud djupbergart som er i nær slekt med blå larvikitt. Han finst i Tønsberg og omegn, og den mest kjente førekomsten er Slottsfjellet midt i Tønsberg.

Tønsbergitt er ein larvikitt som tilhøyrer geologien til Oslofeltet.[1][2] Dagbergarten frå same kammer er rombeporfyr.

Tønsbergitt har vore drifta i fleire brot, som tidlegare utgjorde ein liten steinindustri i Tønsbergsområdet. Ein finn han mellom anna i grunnmuren på slottet, frå steinbrotet på Bolærne. Han har òg blitt brukt saman med rombeporfyr i mange grunnmurar under den gamle trehusbusetnaden i Tønsberg.[3]

Tønsbergitt er skildra og namngjeven av Waldemar Christopher Brøgger i 1898. [4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norges Geologiske Undersøkelse Pukkforekomst 0704.502 Taranrød.
  2. Institutt for geofag. Universitetet i Oslo. Geologien i sentrum - geologiske byvandringer i Oslo Tønsbergitt.
  3. Institutt for geofag. Universitetet i Oslo. Geologien i sentrum – geologiske byvandringer i Oslo Bestemmelsesnøkkel for noen viktige fasadesteiner i Oslo.
  4. Waldemar Christopher Brøgger 1898 (Z. Krist., 16, S.54).