Tørdal kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tørdal kyrkje
kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Drangedal
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Bamble
Sokn Drangedal
Fellesråd Drangedal
Type Krosskyrkje
Material Tre
Innvigd 20. juli 1809
 - Endringar 1910, 1959
Tårn I vest
Klokker 2: 1300-talet og 1831 (Anders Riise)
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Preikestolaltar 1809 og nyare stol av Stener Knutsen Vrålstad 1883
Døypefont 1809
Altartavle Bilete av krossfestinga frå 1640
Orgel J.H. Jørgensen 1989
Sitjeplassar 300
Kart
Tørdal kyrkje
59°09′18″N 8°48′38″E / 59.15501389°N 8.81061389°E / 59.15501389; 8.81061389
Wikimedia Commons: Tørdal kirke

Tørdal kyrkje er ei krosskyrkje frå 1809 i Drangedal kommune i Telemark.

Tørdal utgjer den øvre delen av kommunen, og det har vore kyrkje i bygdesenteret sidan mellomalderen. Ei stavkyrkje vart avløyst av ei tømra kyrkje 1748. Denne kyrkja var for lita og i dårleg stand allereie etter hundreårsskiftet.

Tørdal kyrkje er ei lafta krosskyrkje som vart oppført av byggmeister Kittil Johnsen. Kyrkja fekk nytt tårn ved ei større vøling i 1910. Av ytre form liknar kyrkja ein god del på hovudkyrkja i Prestestranda. Interiøret vart fargerestaurert til jubileet i 1959 etter planar av Finn Krafft. Kyrkja har preikestolaltar, noko som er ganske typisk for den tida då ho vart bygd. I dag nyttar presten ein preikestol frå 1883.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]