Xerofyttar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tørkeplantar)
Kaktusar er xerofyttar

Xerofyttar eller tørkeplanter er planter som er tilpassa tørre tilhøve. Dei har ein xeromorf bygnad som vil seie morfologiske og anatomiske trekk som gjev liten transpirasjon og dermed lågt vassforbruk. Dette gjeld berre når spalteopningane er lukka. Om opningane er opne er vasstilgongen god, og xerofyttane har då ofte ein transpirasjon som liknar andre planter. Xerofyttane har ofte eit godt utvikla rotsystem slik at planta får nok vatn. Blad og unge stenglar har ofte mykje styrkevev som hindrar desse organa å falle saman ved større vasstap.

For å redusere transpirasjonen så mykje som mogeleg er til dømes overflata av blada lite i forhold til volumet. Blada er derfor ofte små og faste, og gjerne vintergrøne, som nåletre og mang lyngartar. Epidermis har celler med tjukke veggar og er overtrekt med ein tjukk kutikula og ofte eit vokslag i tillegg. Om planta er kledd med hår og innsokne spalteopningar medverkar dette òg til nedsett transpirasjon.

Planter i ørkenar og stepper har ofte sterkt reduserte blad, som kan vere omdanna til tornar, medan stengelen har fotosyntese. Dette finn ein hos mange kaktusartar. Sukkulentar er ein spesielle type xerofyttar som lagrar vatn i cellevev, samstundes som dei har liten transpirasjon. Lav og mosar er òg xerofyttar. Desse har ikkje særskild liten transpirasjon, men kan likevel overleve store vasstap.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«xerofytter» i Store norske leksikon, snl.no.