Tørketid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tørketida)
Graf som viser nedbørsmengda i Dwarka i India. Bortsett frå nedbørstoppen midt på året opplever ein tørke.

Tørketid er ei årstid med lite eller ingen nedbør som ein hovudsakleg finn i tropisk og subtropisk klima. Ho kan vara i ulik tid ut frå kva som er vanleg i området det gjeld, frå ein månad til størsteparten av året. I tropane er det vanleg at tørketida finn stad i den kjølige delen av året, som i monsun- og savanneklima, medan ho vanlegvis fell om sommaren i subtropiske område, som i middelhavsklima. Nær ekvator kan ein ha to tørketider og to regntider, den eine tørketida som følgje av høgtrykkssona mellom dei to sonene i den intertropiske konvergenssona.

Tørketid i Nicaragua.
Foto: Allen Drebert

Under tørketida har ein låg luftfukt og lågare vasstand i elvar og vatn, i nokre høve kan dei tørka opp. Det uttørka landskapet er meir utsett for brann. Dyr trekker ofte til område der det er vatn. Menneske kan også flytta på seg, til dømes frå landbruksområde til byar, fordi dei ikkje får fram avlingar i tørketida. Uvanleg lange tørketider kan medverka til hungersnaud.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Vår Sommar Haust Vinter Regntid Tørketid
Årstidene
Spire Denne meteorologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.