Tørris Johnsen Worum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tørris Johnsen Worum
Fødd 1784
Død

4. mai 1834

Yrke bonde, politikar

Tørris Johnsen Worum (17844. mai 1834) var ein norsk underoffiser, gardbrukar og stortingsmann[1] frå Ytterøy i Nord-Trøndelag. Han var far til Johannes Tørrissen Worum.

Far hans var sersjant og gardbrukar på Skjerve i Ytterøy. Sjølv vart han underoffiser i 1807 og kommandersersjant same året. Han deltok i slaget ved Trangen, og vart seinare bode offiserstilling. Men han slutta i det militære i 1814, og vart i staden gardbrukar på Sandstad i Ytterøy. Forlikskommissær frå 1820 til han døydde.

Vorum var 1. representant frå Nordre Trondhjems amtStortinget i 1824, der han var medlem av militærkomiteen.[1] Grunna sjukdom vart han permittert frå 29. juni. Han var medlem av matrikkelkommisjonen av 1818.

Han døydde 1834 på garden sin i Ytterøy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Tørris Johnsen Worum – Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste
  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914