Tøyen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Senteret på Tøyen, med mellom anna nedgang til Tøyen T-banestasjon
Parti frå Kolstadgata på Tøyen

Tøyen er eit strok i Bydel Gamle Oslo i Oslo, mellom stroka Kampen, Sofienberg/Rodeløkka og Grønland, men utan klart definerte grenser. Tøyen er mellom dei områda i Oslo der folk bur tettast. Stroket er multikulturelt, med innvandrarar frå Asia, Afrika, Amerika og Aust-Europa.

«Gjødsla mark» er den etymologiske tydinga av namnet Tøyen.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stroket har namn etter storgarden Tøyen hovudgard, som er nemnd i mellomalderskrifter. På areala etter denne garden, som Universitetet i Oslo fekk hand om i 1812, ligg no universitetets botaniske hage, dei naturvitskaplege musea, og dessutan våningshuset på Tøyen hovudgard frå 1679. Opphavleg var det meininga at sjølve universitetet skulle leggjast til Tøyen.

Tøyen skole vart teken i bruk i 1881, og utvida i 1917. Skulen hadde i åra 1913 til 1926/27 den fyrste kvinnelege overlæraren i Noreg, Pauline Bjørndal. Mesteparten av dagens elevar er minoritetsspråklege.

Tøyen fekk i 1904 ein stasjon på jarnbana Gjøvikbanen, no haldeplass, som ligg oppe i lia ovanfor den brattlendte Tøyenparken.

Tøyen kyrkje i Herslebs gate 43 vart vigsla i 1907.

Munch-museet vart opna på Tøyen i 1963 og flytt til ny museumsbygning i Bjørvika i 2020.

Her ligg òg den underjordiske Tøyen stasjonT-banen, opna i 1966.

I Tøyenparken ligg symjehallen Tøyenbadet, opna i 1976.

Bygningar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Ein stor bygning frå 1910 som har vore transformatorstasjon og er dominerande plassert i terrenget ovanfor Tøyenparken, er omgjort til fleire lokale og atelier for kunstnarar og kunsthandverkarar.

Senteret på Tøyen, Tøyen Torg, har forretningar og restaurantar i fyrste høgda i høge kontorbygg. Her ligg ein filial av Deichmanske bibliotek.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Emilie Gamst (24. februar 2018), «Klassekamp på gateplan», Dagsavisen 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]