Tübingen
Tübingen | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Stat | Baden-Württemberg | ||
Region | Tübingen | ||
Landkreis | Tübingen | ||
Høgd | 341 m | ||
Areal | 108,12 km² | ||
Folketal | 93 615 (31. desember 2023) | ||
Først nemnd i | 1191 | ||
Postnummer | 72070–72076 | ||
Retningsnummer | 07071, 07073, 07472 | ||
Bilnummer | TÜ | ||
![]() Tübingen 48°31′12″N 9°03′20″E / 48.52°N 9.0555555555556°E | |||
Wikimedia Commons: Tübingen |
Tübingen er ein tradisjonell universitetsby i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 95 000 innbyggjarar. Byen ligg 30 km sørvest for Stuttgart mellom elvane Neckar og Ammer. Universitetet i Tübingen er i dag ein av dei leiande universiteta i Tyskland, derav å vera ein av seks tyske eliteuniversitet.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Tübingen har sitt opphav ein gong på 500- eller 600-talet, og dukka for første gong opp i skriftlege kjelder i 1191. Endinga ingen i namnet tyder på at han ein gong var busett av alemannarar. I 1231 fekk byen byrettar og eit rettssystem. I 1342 vart Tübingen kjøpt opp av grev Ulrich III og innlemma i grevskapet Württemberg.

Sjølv om ein stort sett ikkje kan merke noko til det i dag, var Tübingen fram til 1950-åra ein svært sosioøkonomisk delt by med fattige lokale bønder og kjøpsmenn langs Stadtgraben (bykanalen) og studentar og akademikarar rundt Alte Aula og Burse, dei gamle universitetsbygningane.
På den andre halvdelen av 1900-talet vart det administrative området til Tübingen utvida med fleire landsbyar og småbyar. Mest kjend av desse er Bebenhausen, som er ein landsby bygd opp rundt eit slott og eit cistercianarkloster om lag 3 km nord for Tübingen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tübingen» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2007.