T-72

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå T-72BK)
T-72

T-72 er ei sovjetisk stridsvogn med 125 mm glattbora kanon. Ho kom i produksjon i 1971, og var utvikla parallelt med T-64. Stridsvogna har òg vorte vidareutvikla som T-90. Hovuddelen av sovjetiske stridsvogner i første linje frå 1970-talet og framover var T-72.

Historie og utvikling[endre | endre wikiteksten]

T-72 var i produksjon frå 1971, og vart teke fram som eit komplement til T-64. Ho er ikkje basert på T-64, men liknar denne visuelt. I motsetnad til T-64 vart T-72 òg brukt internt i Sovjetunionen, og eksportert ut av warszawapaktlanda.

T-72 har vorte lisensprodusert i Tsjekkoslovakia, India, Polen og det tidlegare Jugoslavia.

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

T-72 har eit mannskap på tre. Vognføraren sit framme i skroget, medan skyttaren og vognkommandøren sit i tårnet. Det er ingen ladar då vogna har automatladar.

Tidlege utgåver av T-72 hadde mykje lettare pansring enn vestlege stridsvogner. Seinare vart pansringen oppgradert, blant anna med aktivt panser mot holladingar.

Kanonen har kaliber 125 mm og er glattbora. Han er derfor òg i stand til å brukast som utskytingsrøyr for at-11/SVIR panservernsmissil.

Motoren er ein turbolada V12 dieselmotor som yter 780 hk. Den relativt lette vekta bidreg til å forbetra ytinga til T-72.

T-72 er utstyrt med eit omfattande vern mot ABC-våpen. Motoren kan òg påmonterast snorkel for kryssing av djupt (5 meter) vatn.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

T-72
T-72A
Sovjetisk utgåve med belteskjørt, ekstra panser framme og på sidene av tårnet, røykgranatkastarar, har òg oppgradert dagsikte frå TPD-2-49, til TPD-K1.
T-72B
Har endå meir pansring på tårnet enn T-72A, og høve til å skyta styrte anti-rakettane til tank ut av kanonløpet. har òg eit forbetra nattsikte.
T-72BK
Kommandovogn med ekstra radioutstyr.
T-72BV
Oppgradert T-72B med Kontakt-1 reaktivt panser.
T-72BM
Med 2. generasjon sin Kontakt-5 reaktivt panser tilsvarande det som finst på T-90.
Т-72B3
(2011) — aktuell og modernisert versjon av Т-72; plassert i avdelingar frå 2012.[1] Nytt eldleiarssystem, vern av typen «Контакт-5», motor V-84-1 med 840 hestekrefter, kanonsikte av typen «SOSNA-U», vindmålar, R-168 samband, ny stabilisator og ny type vern mot masseøydeleggingsvåpen (MØV).[2] Prosjektoffiser for stridsvognsanskaffelsen ved Hærens våpenskole i Noreg, Christoffer Westermoen, har sagt at denne vogna er betre enn den norske Leopard-2A4 i rekkevidde, eldkraft, sensorar og vern.[3]
T-72B3М
(2014) — modernisert versjon av Т-72B3 spesielt eigna for stridsvognbataljon.
T-72M
Eksportutgåve for Polen og Tsjekkoslovakia. TPDK-1 laseravstandsmålar.
T-72M1
Eksportutgåve og lisensproduserte vogner frå Polen og Tsjekkoslovakia. Versjonar med Kontakt reaktivt panser vert kalla T-72AV og T-72M1V. Det finst mange mindre underversjonar av desse.
T72S/Shilden
Eksportversjon tilsvarande T-72BM, men kan ha mindre panser føre på tårnet. Tidlege T-72S har Kontakt.
T-90
Etterfølgjar til T-72BM. Skal kanskje verta samstundes produsert med T-80U for den russiske hæren. Ny kanon og siktemiddel frå T-90, ny motor og termiske sikter. Kontakt-5, laservarsel og SHTORA infraraude motmidlar mot panservernsmissil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. В общей сложности в соединения 20-й гвардейской общевойсковой армии в текущем году поступит более 150 новых танков Т-72B3
  2. На Уралвагонзаводе показали новейшую модификацию танка Т-72-Б3, arkivert frå originalen 6. oktober 2014, henta 26. februar 2017 
  3. https://www.aldrimer.no/norske-stridsvogner-kanonfode-for-russland/. Henta 27. september 2018. «Prosjektoffiser for stridsvognsanskaffelsen ved Hærens våpenskole sier nå klart fra. Han reagerer sterkt på regjeringens prioriteringer. Stridsvognen T-72 kommer i en versjon som heter T-72B3. Den er overlegen i rekkevidde, ildkraft, sensorer, beskyttelse og antall. Norges nåværende stridsvogner, de tyskproduserte Leopard 2A4, er snart 40 år gamle.»  Missing or empty |title= (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: T-72