T.E. Hulme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
T.E. Hulme
T.E. Hulme 1912.jpg
T.E. Hulme i 1912
Nasjonalitet engelsk
Fødd 1883
Endon i Staffordshire
Død

1917
Oostduinkerke i Belgia

Yrke Kritikar
Rørsle Imagisme
Sjanger Lyrikk
T.E. Hulme på Commons

Victoriakaien
(Dette sveiv ein ranglefant
ei kald beisk natt
)


Fyrr kom eg i ekstase over nokre vek på ei fele,
av gullhælar på det harde fortoget.
No veit eg
at varme er det viktigaste i poesien.
Å, Gud, gjer det lite
det gamle stjerne-etne himmelteppet,
so eg kan balla det um meg og liggja koseleg.

Frå Dikt i umsetjing av Olav H. Hauge.
[1]

Thomas Ernest Hulme (fødd 16. september 1883 i Endon i Staffordshire, død 28. september 1917 i Oostduinkerke i Belgia) var ein engelsk forfattar og kritikar. Saman med forfattarar som Ezra Pound og Hilda Doolittle blir han rekna som ein av grunnleggjarane av imagismen, og trass i ein stutt forfattarskap blir han rekna som ein viktig føregangsmann for utviklinga av modernismen utetter på 1900-talet.

Hulme studerte ved Universitetet i Cambridge, men vart utvist frå skulen grunna dårleg oppførsel i 1904. Sidan levde han mesteparten av tida i London, kvar han livnærde seg ved å omsetje verka til filosofar som Henri Bergson og Georges Sorel, medan han samstundes var med å tufte imagist-rørsla. Fire av dikta hans vart publiserte i tidsskriftet New Age i 1912, og vart seinare utgjeven i Ezra Pound si diktsamling Ripostes seinare same året. Under krigen kjempa Hulme ved vestfronten, og før han fall i 1917 forsvarte han militarismen og gjekk til åtak på pasifismen til Bertrand Russell.

Hulme stilte seg i opposisjon til den vesterlandske humanismen slik denne hadde ovra seg sidan renessansen, og såg mennesket som ein skapnad avgrensa i evner, fanga i ein absurd eksistensiell situasjon. Han var også skeptisk til romantikken, og gjekk til åtak på romantikarane: «Det er for slapt å se et dikt som dikt, hvis det piper eller jamrer over ett eller annet. [...] De innser ikke at presis beskrivelse er et legitimt anliggende for et dikt. Vers er for dem å legge frem følelser organisert omkring ordet "uendelig"».[2] Sjølv søkte han mot ein «hard og tørr» poesi, som etter hans død kom til å påverke mange av modernistane på 1920-talet. Han var elles ein tilhengjar av moderne kunstnarar som Wyndham Lewis og Pablo Picasso.

Hulme gav ut lite av skriftene sine medan han levde, men ideane hans fekk merksemd då den nære venen Herbert Read gav ut nokre av manuskripta og dei fragmentariske essaya hans under tittelen Speculations i 1924. I samtida vart han gjerne rekna som ein stor tenkjar, medan den seinare mottakinga har vore meir lunken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hauge, O.H. (2008). Dikt i umsetjing. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 63. ISBN 978-82-521-7398-7. 
  2. Hertel, H; Lund, H. P.; Møller, P. U., red. (1992). Verdens litteraturhistorie. Oslo: Gyldendal. s. 227-228. ISBN 8205154082.