T.J. Tindall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
T.J. Tindall
Fødd1950
FødestadTrenton
Død26. januar 2016 (65 år)
OpphavUSA
Instrumentgitar
Verka somgitarist

Thomas Joshua Tindall (1. januar 195026. januar 2016) var ein USA-amerikansk gitarist. Han var medlem av MFSB og spelte på 38 gull- og platinaplater innan funk og R&B og meir enn 30 hittar produsert av Gamble and Huff i 1970- og 1980-åra.[1] Tindall er rekna som ein av skaparane av Philadelphia-stilen.[2] Han vart to gonger innlemma i Philadelphia Music Alliance's Walk of Fame som medlem av MFSB og Salsoul Orchestra.[3]

Han spelte òg med Bonnie Raitt (albumet hennar Give It Up), Lon & Derrek Van Eaton (Brother), The Jacksons, Robert Palmer sitt Double Fun, The Temptations og fleire. Han spelte på The Trammps-hitten «Disco Inferno» i 1976 og albumet med same namn, Lou Rawls sin «You'll Never Find Another Love Like Mine», The Jackson 5 sin «Enjoy Yourself», Eddie Kendricks sin «He's a Friend» og albumet med same namn og albumet Goin' Up In Smoke, Phyllis Hyman-albumet Prime of My Life, Loleatta Holloway-albumet Loleatta, Double Exposure-albumet Ten Percent, First Choice-albumet Delusions.

Tindall døydde av kreft i 2016, 65 år gammal.[1][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Molly Daly (27. januar 2016). «Friends, Colleagues Remember Guitarist TJ Tindall, Part Of The Musical Foundation Of The Sound Of Philadelphia». CBS Philly. Henta 27. september 2020. 
  2. «T.J. Tindall, a creator of the Philadelphia Sound, dies at 65». News Works. 27. januar 2016. Henta 27. september 2020. 
  3. Warren, Bruce (27. juli 2016). «Rest in peace, Sound of Philly gitarist T.J. Tindall». WXPN. Henta 21. oktober 2016. 
  4. Iman Lababedi (27. januar 2016). «Sad News from The World Of Philadelphia Soul: Guitarist T.J Tindall Dead». rock nyc. Henta 27. september 2020.