TAZARA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
TAZARA
Tazara crossing bridge.jpg
Info
Status Minimal drift
Utgangsstasjon Nelson Mandela Road, Dar es Salaam, Tanzania
Endestasjon Kapiri Mposhi, Zambia
Drift
Opna 1975
Teknisk
Sporvidd 1067 mm
Lengd 1 860 km (1 160 mi)
Kart over jernbanar i Tanzania
TAZARA-stasjonen i Dar-es-Salaam.
TAZARA-lokomotiv

TAZARA-jarnbanen går frå Kapiri Mposhi i Zambia til hamnebyen Dar-es-Salaam i Tanzania. Han vart grunnlagd som Tanzania-Zambia Railway Authority tidleg på 1970-talet for å byggja ein jernbane som skulle binda saman Zambia, eit isolert land som var vorte sjølvstendig seks år tidlegare, med resten av kontinentet. Banen skulle vera eit alternativt samband til havet i staden for det apartheid-kontrollerte sambandet gjennom Rhodesia og Sør-Afrika. Jarnbanen vert òg kalla UHURU Railway etter swahiliordet for 'fridom'.

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Jarnbanen vart finansiert og bygd av Folkerepublikken Kina. Bygginga byrja i 1970, og byggearbeidet tok seks år. Konstruksjonskostnaden var 406 millionar US-dollar.[1]

Linja[endre | endre wikiteksten]

Utgangspunktet til banen er hamnebyen Dar-es-Salaam. Han går 970 km gjennom Tanzania og 890 km gjennom Zambia. Jenbanestrekninga kryssar grensa til Zambias vest for Mbeya og er bunden saman med Zambia Railways ved Kapiri Mposhi. Lengda til banen er 1 860 km. Høgd over havet ved endepunktet er 1400 m.

Banen vart bygd gjennom eit heller øyde og lite folkesett område. I kjølvatnet av jarnbanen er det dukka opp industri og kraftverk, mellom anna ein stor kraftstasjon i Kidatu og ein papirfabrikk ved Rufiji. Linja kryssar TAN-ZAM-vegen ved Makambako og går parallelt med vegen til Mbeya og grensa til Zambia ved Tunduma.

Linja er smalspora med ei sporvidd på 1067 mm, og vart fullført i 1975. Det var dengong det største jarnbaneprosjektet sidan andre verdskrigen. Ein delstrekning på 16 km mellom Mlimba og Makambako i Tanzania inneheld 30 % av all jordforflytting, bruer og tunnelar. Tunnelane i Udzungwafjella avgrensar lastekapasiteten til vognene.

På det meste var over 75 000 mann engasjerte i utbygginga, ein tredel av dei kineserarar. Det teknisk kompliserte prosjektet gav Kina ein enorm prestisje i Afrika.

Tekniske data[endre | endre wikiteksten]

  • Største stigning: 2 %
  • Skinnevekt: 45 kg/m
  • Svilleavstand: 0,69 m
  • Svilletype: Betong
  • Minste kurveradius: 200 m
  • Sporvidde: 1067 mm
  • Maksimal toglengde: 600 m, 160 akslar
  • Vognene har koplingar i samsvar med amerikansk standard.

Rullande materiell[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var det 102 lokomotiv, 100 passasjervogner og 2 100 godsvogner ved TAZARA.

Stasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Kapiri Mposhi, samband til Zambia Railways
  • Serenje
  • Mpika
  • Kasama i Zambia
  • Tunduma i Tanzania
  • Mbeya
  • Makambako
  • Mlimba
  • Ifakara
  • Kidatu, samband til jernbanen i Tanzania
  • Dar-es-Salaam, hamn

Samband med andre jernbaner[endre | endre wikiteksten]

TAZARA-stasjonen i Ifakara

Banen har samband til det zambiske jernbanenettet i Kapiri Mposhi. Det har igjen samband vidare til Zimbabwe og Sør-Afrika og i nord, ved Ndola er det samband til Kongo slik at TAZARA har samband til heile jernbanenettet i Det sørlege Afrika og Sentral-Afrika. Jarnbana kan derimot ikkje knytast direkte til den jarnbana som forbind Tanzania med Kenya og Uganda frå Dar-es-Salaam, då denne banen har ein annan sporvidde, meterspor, 1000 mm. Ein overgangsstasjon er bygd i Kidatu der det vart bygd eit 108 km. langt sporsamband til Kilosa på jernbanenettet i Tanzania.

Privatisering[endre | endre wikiteksten]

På grunn av fallande trafikk vart regjeringane i dei to landa i 2005 samde om å privatisera jarnbana. Mellom 1990 og 2003 er trafikken, spesielt godstrafikken, vorte halvert (frå 1,2 millionar tonn til 630 000 tonn) og lokomotivparken må reparerast eller fornyast for 25 millionar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tanzania‐Zambia Railway: a Bridge to China?». New York Times. 29. januar 1971. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]