Telemetrietterretning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå TELINT)

Telemetrietterretning (engelsk Telemetry intelligence) eller TELINT er ein underdisplin av FISINT som styrer med rakettar og andre eksternt overvaka einingar og returnerer kontinuerleg straumar av data om plassering, fart, motorstatus og andre berekningar. Desse dataa kan gje informasjon om eigenskapane til missilet, og spesielt kastevekt, dvs. den potensielle storleiken på stridshovuda.

Strategisk tyding av TELINT[endre | endre wikiteksten]

TELINT er ein av dei overvakingsmetodane som er nemnd i rustningskontrollregimet (Strategic Arms Limitation Treaty eller SALT-avtalene) mellom USA og Sovjetunionen. Desse traktat-avtalane inneheld avgjerder som er viktige grep for å styrkja tryggleik mot brot: begge partar forpliktar seg til ikkje å gripa inn med nasjonale tekniske middel for kontroll. I tillegg er begge land er samde om ikkje å bruka medvite hemmelege eller løynde tiltak for å hindra verifisering. Det vert referert til ein spesiell teknisk-avtale om å ikkje kryptera strategisk test-telemetri og dermed hindra verifisering av TELINT.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]