TERCOM

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Terrain Contour Matching, eller TERCOM, er ei etablert engelsk nemning på eit navigasjonssystem som primært vert brukt om kryssarmissil. På nynorsk vert dette omlag «landskaps-kontur-attkjenning». Systemet brukar eit tredimensjonalt konturkart teke frå satellitt eller rekognoseringsfly. Kartet er så overført til ei datamaskin inne i kryssarmissilet som samanliknar kartet med ein høgdemålar. På denne måten kan missilet korrigera kursen til missilet nøyaktig i høve til tråleiknavigasjonen, som i regelen òg er ein del av navigasjonssystemet i missilet. TERCOM gjev òg missilet høve til å flyga lågt og nærare hindringar på bakken, noko som gjer det lett å koma unna oppdaging frå fienden sin radar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]