THW Kiel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
THW-laget som vann Meisterligaen 2012

Turnverein Hassee-Winterbek 1904, til dagleg THW Kiel, er eit tysk idrettslag stifta 4. februar 1904 og heimehøyrande i Kiel i Tyskland. Idrettslaget har avdelingar for turn, handball, friidrett, symjing, bordtennis, badminton, tennis og kung-fu. THW Kiel er særleg kjend for sitt handballag for menn, eit lag som vann meisterligaen i 2007, 2010, 2012 og 2020.

Steinar Ege, Børge Lund, Harald Reinkind og Sander Sagosen er dei norske handballspelarane som har utmerkt seg i THW-drakta. Lund var med om å vinne Meisterligaen 2010, Reinkind og Sagosen Meisterligaen 2020.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]