TNT-ekvivalent
Utsjånad

TNT-ekvivalent er ein metode for å kvantifisere energien som vert utløyst i eksplosjonar. Eit «tonn TNT» er ei eining lik 4,184 gigajoule, som er omtrent energimengda frigjort i detoneringa av eitt tonn med TNT. Eit megatonn TNT er ei energieining lik 4,184 petajoule.[1]
Kilotonn og megatonn TNT har tradisjonelt vorte nytta for energiutybytte og dermed den øydeleggande krafta i kjernevåpen. I nyare tid har han òg vorte nytta for å skildre energien frigjort i andre særs øydeleggande hendingar, som asteroidenedslag. TNT er derimot ikkje den mest energirike av dei vanlege eksplosiva. Dynamitt har til dømes kring 60 % høgare energitettleik.
| Gram TNT | Symbol | Ton TNT | Symbol | Energi |
|---|---|---|---|---|
| gram TNT | g | mikrotonn TNT | μt | 4,184×103 J |
| kilogram TNT | kg | millitonn TNT | mt | 4,184×106 J |
| megagram TNT | Mg | tonn TNT | t | 4,184×109 J |
| gigagram TNT | Gg | kilotonn TNT | kt | 4,184×1012 J |
| teragram TNT | Tg | megatonn TNT | Mt | 4,184×1015 J |
| petagram TNT | Pg | gigatonn TNT | Gt | 4,184×1018 J |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «TNT equivalent» frå Wikipedia på engelsk, den 14. november 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Guide for bruk av SI-einingar
- Kjernevåpen FAQ Part 1.3
- Rhodes, Richard. The Making of the Atomic Bomb, New York: Simon and Schuster, 1986.