TV-aksjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

TV-aksjonen er ein norsk årleg innsamlingsaksjon som blir arrangert av Norsk rikskringkasting (NRK). Aksjonen er landsdekkjande og har vore arrangert årleg sidan 1974. Innsamlinga går til veldedige føremål og blir utført gjennom bøssebærarar som går frå dør til dør hjå norske husstandar og gjennom gåver frå verksemder og privatpersonar. I 2019 er CARE Norge mottakar av TV-aksjonen.[1]

TV-aksjonen går føre seg ein søndag i oktober og NRK set denne dagen mykje av sendetida si av til innsamlinga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «TV-aksjonen 2019», CARE (på norsk), henta 25. september 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]