TV 2 Sportskanalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå TV 2 Sport)
TV 2 Sportskanalen

Lansert24. mars 2007
LandNoreg
Nettstadhttps://www.tv2.no/sport

TV 2 Sport 2, tidlegare TV 2 Sport og TV 2 Sportskanalen, er ein norsk sportskanal under TV 2 Zebra, som igjen tilhøyrer TV 2 og Telenor Broadcast Holding. Innhaldet i TV 2 Sportskanalen vert produsert av TV 2 Sporten, med Bjørn Taalesen som redaktør. Kanalen gjekk på lufta den 24. mars 2007 klokka 17.

TV 2 Sportskanalen sender berre sport, med fokus på fotball, spesielt Tippeligaen og spansk fotball. Sendeflaten er på 10–12 timar kvar dag. Kanalen er ein betalkanal som kan sjåast av kundar hjå Canal Digital og RiksTV. Ein kan og sjå kanalen på PC og IPTV gjennom TV 2 Sumo.

Nokre av profilane på TV 2 Sport er Davy Wathne, Jahn Ivar Jakobsen, Øyvind Alsaker, Nils Johan Semb, Johan Kaggestad og Anita Rapp.

I 2018 blei namnet på kanalen endra til TV 2 Sport 2, med ein tilhøyrande kanal TV 2 Sport 1.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]