Ta'ashur
Utsjånad
| Ta'ashur | |||
| תְּאַשּׁוּר, Te'ashur | |||
| moshav | |||
| Namneopphav: Buksbom | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Nord-Negev | ||
| Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
| Kommune | Bnei Shimon | ||
| Koordinatar | 31°22′19.91″N 34°38′38.04″E / 31.3721972°N 34.6439000°E | ||
| Areal | 1,2 km² | ||
| Folketal | 411 (2015) | ||
| Grunnlagd | 1953 | ||
| • Grunnlagd av | Marokkanske immigrantar | ||
| Tilhøyrsle | Moshavrørsla | ||
![]() Ta'ashur 31°22′20″N 34°38′38″E / 31.372197222222°N 34.6439°E | |||
| Wikimedia Commons: Ta'ashur | |||
Ta'ashur (hebraisk skrift תְּאַשּׁוּר, tyder 'buksbom') er ein moshav sør i Israel. Han ligg nordvest i Negev mellom Ofakim og Netivot og høyrer til Bnei Shimon regionale kommune . I 2006 hadde han 329 innbyggjarar.
Moshaven vart grunnlagd i 1953 av marokkanske immigrantar. Namnet er henta frå Jesaja 41:19:
Eg plantar sedrar i ørkenen, akasie, myrt og oliventre. Eg set sypress i øydemarka saman med gran og buksbom;[1]
To andre nærliggande moshavar, Brosh (sypress) og Tidhar (gran) har namn frå dette verset og dei tre i lag vert kalla Moshavei Yahdav (tyder «Moshavane i lag»).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ta'ashur» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:


