Tabernasørkenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ørkenområda på Granadaplatået.

Tabernasørkenen er ein ørken i Spania. Han ligg i provinsen Almería, om lag 30 km nord for hovudstaden Almería i Tabernas kommune. Ørkenen er eit verna område som dekkjer 280 km².

Klima[endre | endre wikiteksten]

Tabernasørkenen ligg mellom Sierra de los Filabres i nord og Sierra de Alhamilla i sør-søraust og er slik isolert frå dei fuktige vindane frå Middelhavet i eit område med lite nedbør kalla Levante. Ørkenen får om lag 240 mm nedbør årleg. Høge temperaturar året rundt (normaltemperatur på 18 °C) og mange soltimar (3000 timar) har gjeve ein verkeleg ørken. Desse eigenskapane vert òg forsterka av fønvindeffekten.

Geologi og biologi[endre | endre wikiteksten]

Ei kaie

Det vesle regnet området får kjem vanlegvis i kraftige regnbyer, slik at overfalta, som består av mergel og sandstein er tørr og har særs lite vegetasjon. I staden fører regnet til erosjon som har forma badlandlandskapet. Arroyo er ei elv som oppstår i periodar med kraftig regn og nærer opp om den spreidde vegetasjonen og dyrelivet som finst her, som firfisler, piggsvin, kaier, kvitbuksandhøner, blåtrast, triel, trompeterfink og topplerke.

Populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Sidan Tabernasørkenen liknar dei nordamerikanske ørkenane vart han mykje nytta i spaghetti westernfilmar frå 1950- til 1980-åra, som For a Few Dollars More og A Fistful of Dollars av Sergio Leone, med musikk av Ennio Morricone og skodespelarar som Clint Eastwood. Han vart òg nyttar til ørkenscenar i Indiana Jones and the Last Crusade.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 37°0′N 2°27′W