Tabla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tabla

Klassifiseringskilde skåltrommer
Hornbostel-Sachs klassifisering211.11
Liknande instrument

Tabla er eit nordindisk musikkinstrument i form av to små trommer[1] som særleg er mykje brukt i hindustanimusikk. Ein speler på trommene med hendene med ein avansert teknikk der ein bruker fingrar og handflater på ulike delar av trommene.

Demonstrasjon av tablaspel.

Tabla er i bruk i India, Pakistan, Nepal, Bangladesh og Sri Lanka.[2] Dei er i bruk i ulike musikkstilar som qawali[3] og bhaktimusikk i hindu- og sikh-tradisjon, som i synginge av bhajan eller kirtan.[4][5]

Namnet tabla kjem truleg frå tabl, det persiske og arabiske ordet for 'tromme'.[6] Trommene kan førast tilbake til 1700-talet.[2]

Tablatrommene er einfellstrommer (til forskjell frå til dømes mridgangam som blir brukt i sørindisk musikk). Den eine tromma, kjend som tabla eller daya ('høgre'), er omlag 25 cm høg med ein diameter på rundt 15 cm.[2] Den andre blir kalla baya ('venstre') er også rundt 25 cm høg, men har ein større diameter på rundt 20 cm.[2] Trommene kan stemmast ved hjelp av reimer på sidene og trenaglar som ein slår med ein hammar. Den høgre tromma blir typisk stemd til grunntonen i ragaen ein speler medan den andre tromma kan ha ulike stemmingar, gjerne ein kvint eller ein oktav under den første.[2]

Nokre kjende tablaspelarar er Alla Rakha Khan og sonen hans Zakir Hussain,[2] Chatur Lal, Tanmoy Bose, Philip V. Francis og Bharat Kamat. Vestlege musikarar som har studert tablaspel er mellom anna Bobbye Hall, Milt Holland, Angus MacLise, Vincent McDermott, Airto Moreira og Alex Acuña.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tabla», Store norske leksikon, 15. februar 2009, henta 18. januar 2017 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Tabla», Encyclopedia Britannica, 8-19-2011 
  3. Kamal Salhi (2013). Music, Culture and Identity in the Muslim World: Performance, Politics and Piety. Routledge. s. 183–184. ISBN 978-1-317-96310-3. 
  4. Denise Cush; Catherine Robinson; Michael York (2012). Encyclopedia of Hinduism. Routledge. s. 87–88. ISBN 978-1-135-18978-5. 
  5. Derek B. Scott (2009). The Ashgate Research Companion to Popular Musicology. Ashgate Publishing. s. 289. ISBN 978-0-7546-6476-5. 
  6. Richard Emmert; Yuki Minegishi (1980). Musical voices of Asia: report of (Asian Traditional Performing Arts 1978). Heibonsha. s. 266. Henta 25. desember 2012.