Table Island i Sør-Shetlandsøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 62°20′34.8″S 59°48′29.7″W
Table Island
øy
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
Stad Antarktis
 - høgd 150 moh.
 - koordinatar 62°20′34.8″S 59°48′29.7″W
Lengd 1,4 km
Areal 1,12 km²
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Table Island i Sør-Shetlandsøyane is located in Antarktis
Table Island i Sør-Shetlandsøyane (Antarktis)

Table Island er ei lett synleg klippeøy med flat topp som ligg nord for Greenwich Island og nord-nordvest for Aitcho Islands på vestsida av English Strait i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Øya har ei høgd på over 150 moh og er 1,4 km lang og 1 km brei med ei flatevidd på 112 hektar.[1] Turmoil Rock (62°21′17.9″S 59°47′02,5″W) ligg 1,32 km søraust for Table Island og 1,65 km nord-nordaust for Morris Rock. Området vart vitja tidleg på 1800-talet av selfangarar.

Topografisk kart over Livingston, Greenwich, Robert, Snow og Smith-øyane.

Øya vart namngjeven av selfangarar på grunn av forma hennar (table tyder «bord» på engelsk). Turmoil Rock vart namngjeven av landmålarar frå HMS «Protector» i 1967 fordi ho skapar brytingar i sjøen (turmoil tyder «opprør» på engelsk).

Table Island ligg 4,85 km nordvest for Fort WilliamRobert Island, 7,9 km nord for Dee Island, 2,5 km nord for Morris Rock, 4,14 km nordaust for Holmes Rock, 6,1 km nordaust for Romeo Island, 2.76 km sørvest for Potmess Rocks og 4,68 km sør for Rogozen Island.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]