Tacitus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå og keisar Tacitus.
Tacitus

Publius eller Gaius Cornelius Tacitus (ca. 55–ca. 117) var ein romersk talar, advokat, senator og blant dei største historikarane i antikken.

Han er forfattar av mellom anna den stutte boka Germania, som skildrar samfunn, levevis, skikkar og religiøse førestillingar hjå germanske stammar, og av Annales og Historiae, som tek for seg første hundreåret frå den romerske keisartida, frå Tiberius blei keisar til Domitian døydde.

  • Germania er saman med Tacitus' bok Agricola omsett til norsk av Trygve Widt og gjeve ut i eitt band, Agricola og Germania, Oslo 1968: H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard)
  • Årbøkene, Annales, er omsett av Henning Mørland, Oslo 1988: Aschehoug, ISBN 82-03-15752-1

Sjå og[endre | endre wikiteksten]