Tacoma
Tacoma | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Tacoma | |||
Wikimedia Commons: Tacoma, Washington | |||
Tacoma er ein mellomstor by Pierce County i delstaten Washington i USA. Byen, som har ikring 200 000 ibuarar, ligg ved Puget Sound, 51 km sørvest om Seattle. Tacoma er handelssenter for eit omland med rundt 1 million menneske.
Soge[endre | endre wikiteksten]
Ved å kople jarnbanee frå midtre USA med sjøfarten mot Stillehavskysten, vart Tacoma eit senter for utanrikshandelen i den nordvestre delen av USA. Framleis er Tacoma største hamna i delstaten.
Til liks med dei fleste industribyane i USA gjekk det tilbake med Tacoma frå midt på 1900-talet, mykje grunna utflytting til forstadsområda. Siden 1990-åra har sentrum av Tacoma opplevd ein periode med fornying av bygningsmassen og aktiviteten.
Ålesund er venskapsby med Tacoma.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Tacoma, Washington» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2021.