Tadbhava

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tadbhava (sanskrit तद्भव, IPA [t̪əd̪bʱəʋə]) er ei lingvistisk nemning som vert nytta av grammatikarar om låneord frå sanskrit i moderne indiske språk, i første rekkje indoariske språk, men òg i dravidiske språk og mundaspråk. I motsetnad til den lingvistiske nemninga tatsama, som vert nytta om ord som er lånt direkte frå sanskrit, vert nemninga nytta tadbhava om ord som er lånt indirekte frå sanskrit via middelindoariske språk, apabhramsha og andre prakritspråk, og som har gjennomgått ei fonologisk endring gjennom desse. Det øvrige ordforrådet, som ikkje stammar frå sanskrit, vert kalla deiśi-ord.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]