Tadeusz Ślusarski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tadeusz Ślusarski
Statsborgarskap Polen
Fødd 19. mai 1950
Żary
Død

17. august 1998 (48 år)
Gmina Przybiernów

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1980, Sommar-OL 1976

Utmerkingar

ridder av ordenen Polonia Restituta, Fortjenstkorset i gull, offiser av Ordenen Polonia Restituta, Odznaka „Zasłużony Mistrz Sportu”

Tadeusz Ślusarski (19. mai 195017. august 1998) var ein polsk friidrettsutøvar frå Żary som deltok i stavhopp. Han vart olympisk meister i øvinga i 1976, og fekk OL-sølv fire år seinare.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

I 1972 forbetra Ślusarski den polske rekorden i stavhopp til 5,31 m. Under sommar-OL 1972 var han ein av dei fire finalistane som ikkje klarde opningshøgda, og dermed kom på delt 11. plass.

Ślusarski var største favoritten til å ta EM-gull i Roma 1974, ettersom han i juni månad hadde sett polsk rekord med 5,42 meter, det nest beste stavhoppet i verda gjennom heile sesongen. Men i finalen mislukkast han i å ta seg over 5,30 m, og kom på ein delt sjuandeplass.

Ślusarski vart olympisk gullmedaljør i stavhopp under OL 1976 i Montreal. Han hoppa 5,50 meter, same høgda som sølvmedaljøren Antti Kalliomäki frå Finland og bronsemedaljevinnaren David Roberts frå USA presterte. Fire år seinare, under OL 1980 i Moskva hoppa han 5,65 m i stavfinalen og kom på delt andreplass bak landsmannen og gullvinnaren Władysław Kozakiewicz, som sette ny verdsrekord med eit hopp på 5,78 m.

I sitt siste store meisterskap, den fyrste verdsmeisterskapen i friidrett i Helsingfors i 1983, vart Ślusarski nummer fire etter å ha gått over 5,55 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Ślusarski omkom i ei bilulukke saman med gullmedaljøren i kulestøyt frå OL 1972, landsmannen Władysław Komar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]