Tedef

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tadif)
Tedef
تادف
by
Land  Syria
Guvernement Aleppo
Distrikt Al-Bab
Nahiyah Tedef
Koordinatar 36°20′0″N 37°32′0″E / 36.33333°N 37.53333°E / 36.33333; 37.53333
Folketal 12 360  (2004)
Tidssone EET (UTC+2)
Retningsnummer landkode: 963
Kart
Tedef
36°20′53″N 37°31′48″E / 36.3480383°N 37.5299835°E / 36.3480383; 37.5299835

Tedef (arabisk تادف, Tadif), òg kalla Tedef al-Yahud (Tedef av jødane),[1] er ein by kring 30 km aust for Aleppo i Syria.[2] Helgenskrinet til den hebraiske profeten Esra (ca. 400 fvt.) ligg i byen og han var ein populær sommarferiestad for jødar frå Aleppo.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen vart bysett på 1800-talet av arabarar frå Aneyzeh-folket.[4] Seint i 1800-åra vart landsbyen stadig angripe av nomadiske arabarar som ønskte å stjele sau og kveg frå dei kringliggande slettene. Menneskeliv gjekk tapt då landsbybuarane klarte å samle 400 væpna menn for å forsvare flokkane sine.[5] På denne tida levde kring 20 jødiske familiar i landsbyen,[6] som vart skildra som «ein jødisk by».[7] Før sjabu‘ót-høgtida, drog jødar frå Aleppo på ei årleg pilegrimsreise til landsbyen.[6]

I 1931 var det 15 jødiske familiar som budde i byen.[8]

Tilknyting til Esra[endre | endre wikiteksten]

I følgje ei lokal segn stoppa Esra (ca. 400 fvt.) i byen på veg frå Babylon til Jerusalem og bygde synagoga som framleis står i dag.[9] I 1899 oppdaga Max Freiherr von Oppenheim hebraiske inskripsjonar frå 1300-talet ved synagoga.[10] Det ligg ei kjelde nær byen kalla Ein el-Uzir, der det vert sagt at Esra ofte dukka seg sjølv under medan han oppheldt seg her.[11][12] Ei grav som er tilskriven Ezra ligg i byen og har vore intakt i hundrevis av år.[13] På ei pilegrimsreise til Jerusalem i 1414 skal Issac Elfarra frå Malaga ha blitt fortalt:

20 km frå [Aleppo] ligg grava til Esra. Det skreiv Esra ned Toraen. Denne landsbyen heiter Taduf og har ei syngoge. Dei seier òg at kvar kveld året rundt stig ei sky frå grava til Esra og forsvinn aldri.[14]

Det finst òg ei anna grav tilskriven Esra nær Basra i Irak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hayim Tawil; Bernard Schneider (December 2009). Crown of Aleppo: The Mystery of the Oldest Hebrew Bible Codex. Jewish Publication Society. s. 63. ISBN 978-0-8276-0895-5. Henta 24. november 2010. 
  2. Royal Geographical Society (Great Britain) (1856). A Gazetteer of the World: Ta-Zzubin and appendix. A. Fullarton. s. 45. Henta 24. november 2010. 
  3. Joseph A. D. Sutton (januar 1988). Aleppo chronicles: the story of the unique Sephardeem of the Ancient Near East, in their own words. Thayer-Jacoby. s. 162. Henta 24. november 2010. 
  4. Van Nostrand's engineering magazine. D. Van Nostrand. 1881. s. 414. Henta 24. november 2010. 
  5. Great Britain. Parliament. House of Commons (1860). House of Commons papers. HMSO. s. 42. Henta 24. november 2010. 
  6. 6,0 6,1 Israel Joseph Benjamin (1859). Eight years in Asia and Africa from 1846-1855. The author. s. 49. Henta 24. november 2010. 
  7. Evangelical Christendom XIV. London: William John Johnson. 1860. s. 42. Henta 24. november 2010. 
  8. Aron Rodrigue (2003). Jews and Muslims: images of Sephardi and eastern Jewries in modern times. University of Washington Press. s. 170. ISBN 978-0-295-98314-1. Henta 24. november 2010. 
  9. Lucien Gubbay; Abraham Levy (June 1992). The Sephardim: their glorious tradition from the Babylonian exile to the present day. Carnell. s. 79. ISBN 978-1-85779-036-8. Henta 24. november 2010. 
  10. Kevin J. Cathcart; Carmel McCarthy; John F. Healey (2004). Biblical and Det nære austenern essays: studies in honour of Kevin J. Cathcart. Continuum International Publishing Group. s. 317. ISBN 978-0-8264-6690-7. Henta 24. november 2010. 
  11. David Sutton (30. mars 2005). Aleppo: city of scholars. Mesorah. s. 12. ISBN 978-1-57819-056-0. Henta 24. november 2010. 
  12. Ḥayim Sabato; Philip Simpson (2004). Aleppo tales. Toby Press. s. 53. ISBN 978-1-59264-051-5. Henta 24. november 2010. 
  13. Walter P. Zenner (2000). A global community: the Jews from Aleppo i Syria. Wayne State University Press. s. 34. ISBN 978-0-8143-2791-3. Henta 24. november 2010. 
  14. Josef W. Meri (2002). The cult of saints among muslimar and Jews in medieval Syria. Oxford University Press US. s. 24. ISBN 978-0-19-925078-3. Henta 24. november 2010.