Tafilah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 30°50′24″N 35°36′0″E
Tafilah
مدينة الطفيلة, Tafila, Tophel
by
none
Land Flag of Jordan.svg Jordan
Guvernement Tafilah guvernement
Høgd 940 moh
Koordinatar 30°50′24″N 35°36′0″E
Areal 18,518 km²
 - storbyområde 38,771 km²
Folketal 38 428 (2009) [1]
 - storby 110 000
Folketettleik 2 075 / km²
Grunnlagd 1100 fvt.
 - kommune sidan 1914
Retningsnummer +(962)3
Jordan location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: http://www.tafila.jo

At-Tafilah (arabisk الطفيلة), òg skrive Tafila, er ein by sør i Jordan, 183 km sørvest for Amman, med kring 39 000 innbyggjarar. Han er hovudstaden i Tafilah guvernement og er kjend for dei grøne hagane sine med oliven- og fikentre, og vindruer. Tafilah vart grunnlagd av edomittane, som kalla byen Tophel.

Det finst meir enn 360 naturlege kjelder i at-Tafilah-området. Det ligg to fosfat- og sementgruver i at-Tafilah.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1984 oppdaga ei gruppe arkeologar frå University of Arizona steinreiskap dei estiemrte var 90 000 år gamle i grotter i Ain Defla og Hessa.

Den eldste kjende sivilisasjonen ein kjenner til ved Tafilah var Edom, og Tafilah ligg i ruinane etter den edomittiske byen Tophel. Hovudstaden i Edom var Busairah som ligg 23 km sør for Tafilah. Edomittane var ofte allierte med nabolandet Moab. Tafilah vart sidan erobra av nabatearane som hadde hovudstaden sin i Petra. Etter den romerske invasjonen, vart han styrt av ghassanidane, under Romarriket.

Tafilah kom så under muslimsk styre, men var ei kort stund styrt av krossfarar.

20100924 madaba74.JPG

Den 25. januar 1918 øydela arabarar og dei allierte styrkane under arabaropprøret, leia av T.E. Lawrence og prins Zeid bin Hussein ein 900 mann stor, tyrkisk styrke nær Tafilah, som Lawrence skreiv om i Seven Pillars of Wisdom som «Tafileh».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ministry of Municipal Affairs