Tafjord-ulukka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tafjord-ulukka var ein naturkatastrofe som fann stad natt til 7. april 1934. Ulukka skjedde då eit fjellparti fall i fjorden og skapte ei flodbølgje som tok 40 liv. Dette er ei av de største skredulykkene i Noreg.[1]

Det lyse feltet i fjellsida viser kvar Langhammaren raste ut, sett frå Tafjord

Tafjord ligg i Norddal kommuneSunnmøre. Området er særmerkt av høge fjell ved fjordarmar.

Minne om dei omkomne, Tafjord sentrum.

Ein sprekk utvida seg stadig i fjellet på nordsida av fjorden, sprekken skal ha vore kjent av folk frå Fjørå og Selboskarbygda som setra i fjellet allereie i 1870.[2] Litt over klokka tre om natta 7. april 1934 rasa Langhammaren ut frå 730 meters høgd og tok med seg Heggura. 3 millionar kubikkmeter masse rasa ned i Storfjorden og laga flodbølgjer opp til 64 m i høgd. Tre gonger slo bårene mot strendene, og 23 personar i Tafjord og 17 i Fjørå omkom. Mest alle hus, vegar, bruer, båtar og kaier i Fjørå og Tafjord vart vaska vekk. På Sylte i Valldal vart naust og sjøbuer rasert, og store båtar vart ført langt på land. Flodbølgjene slo meir enn 200 meter innover land somme stader og var merkbare 100 km unna.

Ved kaia i Tafjord og ved Haugsteinen er det reist minnetavle. Også på kyrkjegarden ved Norddal kyrkje er dei reist eit minnesmerke over alle dei omkomne.[3]

Kunstnaren Marianne Heske har laga fleire kunstverk knytt til ulukka, mellom anna installasjonen ras laga i 1993. Kunstverket er eit videomåleri på sandblåste aluminiumsplater og 1001 krystalldokkehovud.

Tafjord-ulukka var «Norges første medie-katastrofe» i følgje VG, fordi Aftenpostens journalist og fotograf vart sendt inn med sjøfly berre få timar etter ulukka, og kunne dermed lage ei fyldig ekstrautgåve på kort tid. Aftenposten sette også i gang ein innsamlingsaksjon.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]