Stankfløyelsblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tagetes minuta)
Gå til: navigering, søk
Stankfløyelsblom
Stankfløyelsblom
Stankfløyelsblom
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Slekt: Fløyelsblomslekta Tagetes
Art: Stankfløyelsblom T. minuta
Vitskapleg namn
Tagetes minuta

Stankfløyelsblom (Tagetes minuta)[1] er ei høg, opprett plante i fløyelsblomslekta i korgplantefamilien. Planta har små blomstrar og høyrer naturleg heime i den sørlege halvdelen av Sør-Amerika. Sidan den spanske koloniseringa har han blitt spreidd rundt om i verda derimellom til Europa, Asia og Afrika.

Ocopa
Huacatay

Planta blir nytta som krydder i Peru, Ecuador, delar av Chile og Bolivia, der ho blir kalla huacatayquechua. Huacatay-pasta er nytta til å lage den populære peruvianske potetretten ocopa. Sidan den har både «grøne» og «gul/oransje» duft[2], er smaken og lukta av fersk Tagetes minuta ei blanding av søt basilikum, estragon, grønmynte og sitron. I latin-amerikanske matbutikkar er han seld på flasker.

T. minuta kan bli 0,6–1,3 meter høg. Ein har i lengre tid nytta planta som ein smak- og luktfull helsebringande urtete mot forkjøling, mageproblem eller halsinfeksjonar. Blada kan bli tørka og nytta som smakstilsetting til mat. Safta frå planta kan forårsake irritasjon av huden og kan forårsake [[fotodermatitt].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Tagetes minuta

Data knytt til Stankfløyelsblom på Wikispecies