Taglmakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Taglmark)
Taglmakk
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Eumetazoa
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Taglmakk Nematomorpha
Vejdovsky, 1886

Taglmakk (Nematomorpha) er ei gruppe særs tynne makk som lever som parasittoidarleddyr. Dei er utbreidd over heile verda, men er mest vanlege i ferskvatn. Ein har skildra om lag 320 artar i to ordenar.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Taglmakkar er særs lange og særs tynne dyr som har fått namnet sitt fordi dei liknar hestetagl. Dei tek opp mesteparten av det dei treng over kroppsoverflata, og manglar difor særskilde ekskresjons-, sirkulasjons- og gassvekslingsorgan. Tarmen er òg ganske redusert - eit einskild røyr som går i lengderetninga til kroppen og vanlegvis ikkje har nokon opning.

Kroppsveggen til ein taglmakk er dekt med eit tjukt og velutvikla eksoskjelett som vert skifta ut regelmessig. På same måte som rundmakk, leddyr og ymse andre rekkjer nyttar dei ecdysin i denne prosessen. Nedanfor kroppsveggen og huda har dyra ei eller to langsgåande nervestrenger og eit einskild lag med langsgåande musklar.

Ein gjennomsnittleg taglmakk er opp til 1 meter lang og som regel ikkje meir enn 1 til 3 millimeter tjukk.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Vaksne taglmakk er frittsymjande i ferskvatn, bortsett frå ei marin planktonslekt og somme som heldt til i fuktige område på land. Dei tek til seg lite føde bortsett frå små organiske molekyl dei tek opp over kroppsflata og gjennom den reduserte tarmen. Den viktigaste oppgåva deira er å formeira seg, noko dei ofte gjer i store klyngar. Dei er særkjønna, og hannen bitt seg om hoa for å levera ei spermpakke nær kloakkopninga hennar.

Dei befrukta egga vert lagt i geleaktige trådar og utviklar seg til særeigne larvar. Desse har relativt kort tid på seg til å finna ein passande leddyrvert dei kan parasittera på i oppveksten, noko som ikkje treng å vera særleg vanskeleg. Dei fleste endar i kroppshola til vertsdyret gjennom å bli etne, og ligg der medan dei utviklar seg frå larve til vaksen. Somme er utstyrte med snablar, ofte med piggar, og borar seg fysisk inn i verten.

Larva veks seg til vaksen storleik inne i vertsorganismen, og lever av ymse næringspartiklar dei tek opp over kroppsoverflata. Som regel forlet ho vertsorganismen sin gjennom anus. Dei larvene som har bustad i landlevande leddyr har visse evner til å manipulera vertane sine til å oppsøka ferskvatn og faktisk drukna seg[1]. Når larvene først er ute i vatnet, sym dei ut på leit etter ein partnar å starta ein ny livssyklus med.

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Spinochordodes tellinii nyttar her eikegrashoppa (Meconema thalassinum) som vert.

Dei fleste taglmakk høyrer til i ordenen Gordioidea, som omfattar ferskvass- og delvis landlevande former. Dei kan kjennast att på dei para gonadane, og har som regel insekt som vertar. Nervestrengen deira ligg på buksida.

I ordenen Nectonematoidea klassifiserar ein fire artar i slekta Nectonema; dette er kystlevande, pelagiske organismar som parasitterar tifotkreps. Ein kjenner dei att på dei doble radene med børstar dei har på sida av kroppen og på at dei berre har ein gonade. Dei har to nervestrengar, ein på buksida og ein på ryggsida.

Det er usikkert korleis slektskapen mellom dei ulike taglmakkgruppene er. Ein reknar med at Nectonematoidea representerer ei basal gruppe i fylogenien deira, sidan desse er marine, men det er ikkje semje om dette synet. Når det kjem til slektskap med andre dyregrupper, er dei fleste forskarar samde om at taglmakkane er søstergruppa til rundmakk. Den viktigaste utfordraren til dette synet er Cephalorhyncha-hypotesen, som plasserer dei saman med pølsemakk Priapula og gruppene Kinorhyncha og Loricifera.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Brusca & Brusca: Invertebrates Sinauer Associates 2002
  1. Thomas, F., Schmidt-Rhaesa, A. et al: Do hairworms (Nematomorpha) manipulate the water seeking behaviour of their terrestrial hosts? i Journal of evolutionary biology Blackwell Science Ltd. 2002