Tago Mago

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tago Mago
Studioalbum av Can
Språk engelsk
Utgjeve februar 1971
Innspelt november 1970 til februar 1971 i Schloss Nörvenich, nær Köln i Tyskland
Sjanger Krautrock, psykedelisk rock, eksperimentell rock
Lengd 73:27
Selskap United Artists
Produsent Can
Can-kronologi 
Soundtracks
(1970)
Tago Mago Ege Bamyasi
(1972)


Tago Mago er det tredje albumet til det tyske eksperimentelle rockebandet Can, og vart opphavleg gjeve ut som eit dobbeltalbum i 1971 av United Artists. Det vart det andre studioalbumet til bandet og det første med Kenji «Damo» Suzuki på vokal, etter at den førre songaren i bandet, Malcolm Mooney, slutta i bandet i 1970 etter eit nervøst samanbrot.

Tago Mago har vorte skildra som det mest ekstreme Can-albumet i form av stil og struktur.[1] Albumet er kritikarrost og har vorte omtalt som ei insprasjonskjelde av mange artistar.

Innspeling og produksjon[endre | endre wikiteksten]

Etter at Malcolm Mooney slutta i Can i 1970 etter eit nervøst samanbrot, stod dei gjenverande medlemmane att utan vokalist.[2] Bassist Holger Czukay møtte Kenji «Damo» Suzuki då Suzuki song på gata utanfor ein kafé i München.[3] Han introduserte seg sjølv som medlem av eit eksperimentelt rockeband og inviterte Suzuki med i bandet.[4] Same kvelden spelte Suzuki med bandet på klubben Blow Up og vart så medlem av Can.[5]

Tago Mago vart spelt inn i 1971 med Czukay bak spakane i Schloss Nörvenich, ei borg nær Köln.[6] Bandet fekk lov å bu der eit år utan å betale leige til eigaren, ein kunstsamlar som heitte mr. Vohwinkel.[7] Dette var det første av Can-albuma som ikkje berre bestod av vanleg innspelt musikk, men òg opptak som Czukay gjorde i løyndom av dei andre musikarane medan dei venta på å få løyst forskjellige tekniske problem.[4] Czukay redigerte ned desse lange, uorganiserte jam'ane til strukturerte songar.[8] I følgje Czukay vart albumet kalla opp etter Isla de Tagomago, ei øy utanfor austkysten av Ibiza.[9] Innspelinga vart gjort i løpet av tre månader.[10]

Det vart opphavleg gjeve ut som eit dobbeltalbum i 1971 av United Artists. I september 2004 vart albumet nymastra og gjeve ut som ein hybrid SACD.[6] Med denne utgåva var eit CD-hefte med kommentarar om albumet av Bobby Gillespie frå Primal Scream og David Stubbs, i tillegg til mange bilete av bandet.

I 2011 vart albumet gjeve ut på ny i samaband med 40-årsjubileet for utgjevinga, med ein ekstra disk med konsertopptak frå 1972 som ikkje var gjeve ut tidlegare.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Julian Cope skreiv i Krautrocksampler at Tago Mago «høyrest berre ut som seg sjølv, som ingenting verken før eller sidan» og skreiv at tekstane utforska det umedvitne.[10]Tago Mago er Can i ein meir jazz-aktig og meir eksperimentell stil enn på dei tidlegare innspelingane, med lengre instrumentale mellomspel og mindre vokal. Dette skiftet kom med den dramatiske forskjellen mellom Suzuki og den meir dominerande vokalisten som Mooney hadde vore.[11] Can henta mellom anna inspirasjon frå jazzmusikarar som Miles Davis og frå elektronisk avantgarde musikk.[12] Dei var òg inspirerte av okkultisten Aleister Crowley, som ein kan høyre gjennom den mørke stemninga på albumet og at albumet er kalla opp etter Isla de Tagomago, ei øy som er ein del av Crowley-legenda.[13] Czukay meinte albumet var «eit forsøk på å oppnå ei mystisk musikalsk verd frå lys til mørke og attende».[4] Gruppa har sjølv kalla albumet den «magiske plata».[13] Det er sagt at songane har «trekk av mysterium og forbodne løyndomar».[3] Tago Mago vart delt inn to LPar. Den første inneheld meir vanlege og strukturerte songar, medan den andre er meir eksperimentell og fri.[14]

«Paperhouse», opningssporet, er ein av dei kortare songane på albumet. Allmusic-journalisten Ned Raggett skildra songen med at han «byrjar med ein dempa klokkeklang og rytme, før han aukar i volum og vert tromlande i midten, før han roar seg ned att til ein siste støyt».[15] «Mushroom» er den neste songen, som er skildra som mørkare enn den førre. Piero Scaruffi skreiv, «Suzuki sitt psykodrama på Mushroom er sett ein høgare atomsfære av trommer, djup bass og atonal gitar.»[16] «Oh Yeah» og «Halleluhwah» inneheld element av det som vert kalla «varemerket» til Can: «Vokalen til Damo Suzuki, som skiftar frå svak mumling til aggressive utbrot utan åtvaring; den maniske tromminga til Jaki Liebezeit; produksjonsmanipuleringa til Holger Czukay (t.d. baklengs vokal og opningseffektane i starten på 'Oh Yeah').»[17] Både «Oh Yeah» og «Halleluhwah» nyttar gjentakande groove.[18]

Den andre LPen er meir avantgarde og Roni Sarig, som skreiv The Secret History of Rock kalla det «så nær du nokon gong kjem avantgarde støymusikk[1] Med Holger Czukay sine lydband og radioeksperiment på «Aumgn» og «Peking O» har musikkritikarane omtalt Tago Mago som «det mest ekstreme albumet til Can når det gjeld stil og struktur.»[1] På «Aumgn» er det klaverspelar Irmin Schmidt som syng i staden for Suzuki.[11] Det siste sporet, «Bring Me Coffee or Tea», vart av Raggett skildra som ein «coda til eit milepål-album.»[15] Piero Scaruffi skildra han som «hovudsakleg eit fantaserande hare-krishna-mantra for ein rockekvintett som later til å lenkje albumet til den orientalske psykedelian som det var så mykje av på denne tida.»[16]

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 stars[15]
Pitchfork Media(9.3/10.0)[19]
Stylus(B)[20]
Pitchfork Media40th Anniversary Edition:
(10/10) [21]
Uncut(positiv) [22]

Tago Mago har fått mykje ros og er rekna som banebrytande innan fleire moderne musikkstilar. Raggett kalla Tago Mago ein «sjeldanheit frå tidleg i 70-åra, eit dobbeltalbum utan ein eianste overflødig tone.»[15] I boka Kraftwerk: Man, Machine and Music skildrar Pascal Bussy dobbeltalbumet som «særs innverknadsrikt».[23] Albumet er omtalt i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die der det står, «Sjølv etter 30 år høyrest Tago Mago forfriskande nytt ut og strålande ekstremt.»[24] Mange kritikarar, særleg i Storbritannia,[25] hylla albumet, og mot slutten av 1971 spelte Can dei første konsertane sine i landet.[6]

Fleire artistar har omtalt Tago Mago som ei inspirasjonskjelde. John Lydon i Sex Pistols og Public Image Ltd. kalla det «makalaust» i biografien sin, Rotten: No Irish, No Blacks, No Dogs.[26] Bobby Gillespie i Jesus and Mary Chain og Primal Scream sa «Musikken var ikkje som noko eg hadde høyrt før, ikkje amerikansk, ikkje rock & roll, men mystisk og europeisk.»[27] Mark Hollis i Talk Talk kalla Tago Mago «eit ekstremt viktig album».[28] Marc Bolan nemnte den improviserte teksten til Suzuki som ei inspirasjonskjelde.[29] Jonny Greenwood og Thom Yorke i Radiohead har omtalt albumet som ei tidleg inspirasjonskjelde.[30]

Det har vore fleire forsøk på å spele inn coverversjonar av songar frå Tago Mago. Flaming Lips-albumet In a Priest Driven Ambulance inneheld ein song kalla «Take Meta Mars», som var eit forsøk på å spele inn «Mushroom». Bandmedlemmane hadde derimot berre høyrt songen ein gong og hadde ikkje tilgang til songen, så songen høyres berre lik ut og er ikkje ein ordentleg coverversjon.[31] Jesus and Mary Chain har spelt songen meir tru mot originalen. Dei framførte òg songen på konsertar og ein versjon finst på Barbed Wire Kisses. Det britiske bandet The Fall spelte inn ein song som liknar på «Oh Yeah» kalla «I Am Damo Suzuki», kalla opp etter songaren, på albumet deira This Nation's Saving Grace i 1985.

Remiksa versjonar av fleire av songane på Tago Mago finst på albumet Sacrilege.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Holger Czukay, Michael Karoli, Jaki Liebezeit, Irmin Schmidt og Damo Suzuki.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Paperhouse»7:28
2.«Mushroom»4:03
3.«Oh Yeah»7:23
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Halleluhwah»18:32
Side tre
Nr.TittelLengd
1.«Aumgn»17:37
Side fire
Nr.TittelLengd
1.«Peking O»11:37
2.«Bring Me Coffee or Tea»6:47
Total lengd:73:27

40-årsjubileumsutgåva[endre | endre wikiteksten]

Disk 1
Nr.TittelLengd
1.«Paperhouse»7:29
2.«Mushroom»4:04
3.«Oh Yeah»7:23
4.«Halleluhwah»18:33
5.«Aumgn»17:37
6.«Peking O»11:38
7.«Bring Me Coffee or Tea»6:47
Total lengd:73:31
Disk 2
Nr.TittelLengd
1.«Mushroom» (Live 1972)8:42
2.«Spoon» (Live 1972)29:55
3.«Halleluwah» (Live 1972)9:12
Total lengd:47:49

Medverkande[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Sarig, Roni (1998). The Secret History of Rock: The Most Influential Bands You'Ve Never Heard. Watson-Guptill Publications. s. 125. ISBN 0-8230-7669-5. 
  2. Stubbs, David. "CAN - Tago Mago». CAN remastered - Tago Mago (CD liner notes). September 2004.
  3. 3,0 3,1 DeRogatis, Jim. «Then I Saw Mushroom Head: The Story of Can». Henta 6. mars 2013. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Czukay, Holger. «A Short History of The Can - Discography». Perfect Sound Forever. Henta 6. mars 2013. 
  5. Smith, Gary. «CAN Biography». Spoon Records. Arkivert frå originalen 30. oktober 2011. Henta 6. mars 2013. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Mute Records. «Biography». Mute Records. Arkivert frå originalen 20. desember 2008. Henta 6. mars 2013. 
  7. Kampmann, Wolf (1998). CAN Box: Book. Medium Music Books. s. 141. ISBN 3-933642-01-9. 
  8. Cope, s. 57
  9. Damon Krukowski (1998). «Can interview». Ptolemaic Terrascope. Henta 6. mars 2013. 
  10. 10,0 10,1 Cope, s. 55
  11. 11,0 11,1 Cope, s. 56
  12. Manning, Peter D. (2003). Electronic and Computer Music. Oxford University Press, Incorporated. s. 174. ISBN 0-19-517085-7. 
  13. 13,0 13,1 DeRogatis, Jim (2003). Turn On Your Mind: Four Decades of Great Psykedelisk Rock. Hal Leonard. s. 273. ISBN 0-634-05548-8. 
  14. Thompson, Dave (2000). Alternative Rock: The Best Musicians and Recordings. Backbeat Books. s. 60. ISBN 0-87930-607-6. 
  15. 15,0 15,1 15,2 15,3 Raggett, Ned. «Tago Mago». Allmusic Guide. Henta 6. mars 2013. 
  16. 16,0 16,1 Scaruffi, Piero. «Can». Piero Scaruffi. Henta 6. mars 2013. 
  17. McGlinchey, Joe. «Tago Mago». Ground & Sky. Arkivert frå originalen 30. januar 2003. Henta 6. mars 2013. 
  18. Unterberger, Ritchie (1998). Unknown Legends of Rock 'n' Roll: Psychederic Unknowns, Mad Geniuses, Punk Pioneers, Lo-Fi Mavericks, and More. Backbeat Books. s. 170. ISBN 0-87930-534-7. 
  19. Leone, Dominique (10 November 2004). «Album Review: Can: Monster Movie / Soundtracks / Tago Mago / Ege Bamyasi». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen 2. mars 2013. Henta 6. mars 2013. 
  20. Ramsay, J T. (7 January 2005). «Can - Tago Mago / Ege Bamyasi». Stylus. Arkivert frå originalen 29. juni 2013. Henta 6. mars 2013. 
  21. Wolk, Douglas (9 December 2011). «Can: Tago Mago [40th Anniversary Edition] | platemeldingar | Pitchfork». pitchfork.com. Henta 6. mars 2013. 
  22. Cavanagh, David. «CAN - TAGO MAGO R1971 - Review - Uncut.co.uk». uncut.co.uk. Arkivert frå originalen 5. mai 2013. Henta 6. mars 2013. 
  23. Bussy, Pascal (2004). Kraftwerk: Man, Machine and Music. SAF Publishing Ltd. s. 22. ISBN 0-946719-70-5. 
  24. Shade, Chris (2005). 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Quintet Publishing Limited. s. 235. ISBN 978-0-7333-2120-7. 
  25. Thompson, Dave (2000). Eurock: European Rock and the Second Culture. Eurorock. s. 33. ISBN 0-9723098-0-2. 
  26. Lydon, John (1995). Rotten: No Irish, No Blacks, No Dogs. Picador. s. 81. ISBN 0-312-11883-X. 
  27. Gillespie, Bobby. "CAN - Tago Mago». CAN remastered - Tago Mago (CD liner notes). September 2004.
  28. Stubbs, David (February 1998). "Talking Liberties». Vox.
  29. Bolan, Marc. Interview by Russell Harty. London Weekend Television. 23 Jul. 1972
  30. Griffiths, Dai (2004). OK Computer (33Mal:Frac series). Continuum International Publishing Group. s. 43–44. ISBN 0-8264-1663-2. 
  31. Coyne, Wayne (1990). CD-heftet tilIn a Priest Driven Ambulance av The Flaming Lips, [CD booklet]. Restless Records.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]