Tagundaing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tagundaing ved Kyaikpun-pagoden i Bago.

Tagundaing (burmesisk skrift တံခွန်တိုင်) er ei ornamentert søyle eller flaggstong som er vanleg ved buddhistiske tempel og kloster i Burma (Myanmar). Søylene er typisk 18-24 meter høge.[1][2]

Skikken med å reisa religiøse søyler er vanleg elles i Sør-Asia, med Asjoka-søylene som eit kjent døme. Tagundaing-søylene skal vera minne om underkastinga til dei lokale animistiske andene (nat) for den buddhistiske doktrinen dhamma eller dharma.[1]

Ofte er ein mytisk fugl kjend som hintha eller ein himmelsk dansar (kinnara) plassert på toppen av søyla. Ved boten kan ein finna jordgudinna Vasudhara eller nat-herskaren Thagyamin.[1][2]

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Tagundaing». Burma Collections. Center for Burma Studies, Northern Illinois University. Arkivert frå originalen 5. september 2013. Henta 7. oktober 2013. 
  2. 2,0 2,1 Ferrars, Max; Bertha Ferrars (1900). Burma. S. Low, Marston & Company. s. 37. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tagundaing