Taifa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taifaer (grønfarga) i 1031
Rike på Den iberiske halvøya i 1031

Taifa (frå arabisk طائفةṭā'ifa, fleirtal طوائف ṭawā'if, 'gruppe') er ei nemning brukt om dei ulike småkongedøma som herska i al-Andalus (muslimsk Iberia) på 1000-talet frå Córdoba-kalifatet braut saman til almoravidane erobra området seint på 1000-talet. Då Almoravidedynastiet braut saman gjenoppstod mange av taifaene, før dei blei gjenopptekne i Almohad-kalifatet. Dei bløma att då dette kalifatet fall, trass i konstant krigføring med kristne kongerike.[1] Splitting og kaos i denne perioden gav den muslimske posisjonen på halvøya ein varig knekk, og var ein av hovudfaktorane til at den kristne gjenerobringa, reconquista, lukkast.

Taifaene heldt same kulturelle nivå som Córdoba-kalifatet, med hoff der diktarar, vitskapsfolk og andr lærde kunne verka.[2] Derimot var dei militært svake. Dei var ofte nøydde til å betala tributt til dei kristne kongane, eller betala dei til å angripe rivalar.

Dei viktigaste taifaene[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Davies, Catherine (May 2014). The Companion to Hispanic Studies. ISBN 9781444118810. 
  2. Barton, Simon (30. juni 2009). A History of Spain. ISBN 9781137013477. [daud lenkje]