Taigabukk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taigabukk
Taigabukk
Taigabukk
Status
Status i Noreg: RE Regionalt utdøydd
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Biller Coleoptera
Familie: Trebukkar Cerambycidae
Slekt: Monochamus
Art: Taigabukk M. urussovii
Vitskapleg namn
Monochamus urussovii

Taigabukk (Monochamus urussovii) er ei opptil 38 mm stor trebukk (målt utan følehorn). Hoa er noko større enn hannen, men hannen har lengre følehorn; antennene kan bli meir enn dobbelt så lange som kroppen. Billa er funnen fleire stader i Sør-Noreg, helst i samband med import av tømmer, men det er over hundre år sidan ho sist var funnen i norsk skog.

I Sibir lever taigabukken på edelgran, unntaksvis kan han angripe furu og bjørk. Utbreiingsområdet spenner frå Japan til Skandinavia. I Europa lever han utelukkande på graner. Verstrea er tre som nyleg har døydd eller som er svekka. Larvane kan gjere teknisk skade på virket, dessuten kan dei overføre den farlege furuvednematoden.

I Norsk Raudliste 2006 er ho oppført som regionalt utdøydd. Arten finst spreidd i nordaustre Sverige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Torstein Kvamme: «Er taigabukken utdødd i Norge?» i Norsk Skogbruk 1/2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]