Taigaflugesnappar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taigaflugesnappar
Taigaflugesnappar Foto: Arun Shanker
Taigaflugesnappar
Foto: Arun Shanker
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Slekt: Ficedula
Art: Taigaflugesnappar F. albicilla
Vitskapleg namn
Ficedula albicilla

Taigaflugesnappar (Ficedula albicilla) er ein fugl i flugesnapparfamilien som hekkar i Russland omtrent frå Ural i vest til stillehavskysten i aust, og overvintrar i India og Indokina til søraustlege Kina.

Han er medlem av den biologiske slekta Ficedula som samlar 30 flugesnapparartar i Asia og fire artar i Europa og Afrika, inkludert svartkvit flugesnappar, Ficedula hypoleuca. Tidlegare blei arten taigaflugesnappar handsama som underart av dvergflugesnappar.

Utsjånad og læte[endre | endre wikiteksten]

Den adulte taigaflugesnapparen måler 11-12,5 cm i kroppslengde og er for det meste olivenbrun på oversida og kvit på undersida. Han fer fram rastlaust og rør seg kvikt i lauvverket, noko som skil han frå fleire av dei andre artane i same slekta. Han har eit lite, heilmørkt nebb og ein tydeleg kvit orbitalring. Når han sit, vippar han ofte på stjerten. I flukta kan ein sjå kvite sidehalefjører over den elles svarte stjerten, omtrent som hos ein steinskvett.

Den adulte hannfuglen har ein teglraud strupe som avgrensast nokså distinkt mot grått øvre bryst og hals. Issen og øyredekkarane er olivenbrune medan «ansiktssida» er grå. Ikkje-hekkande hannar, hofuglar og juvenilar har olivenbrunt hovud, grått bryst i kontrast til lys strupeflekk i kontrast til mørkt bryst, og lys grå til brungul underside. Hannfuglane får i det næraste adult sommardrakt med raud strupeflekk allereie under andre leveåret.[1]

Han minner mykje om dvergflugesnappar, men skil seg i frå denne ved at den tegelraude strupen hos adulte hannfuglar av taigaflugesnappar er heilt omslutta av blygrått og at issen i denne drakta har same olivenbrune tone som ryggen. I alle drakter skil han seg i frå dvergflugesnappar på det heilmørke nebbet, på at dei øvre stjertdekkarane er mørkare ein stjertpennane og at han har lyse kantar på tertialane. Elles skiljast artane mest på songen.[1]

Læte

Taigaflugesnapparen sitt vanlegaste lokkelæte, som er ein rullande, hard og snabb raslande «trrrt» eller «trrrr», er snabbare ein hos dvergflugesnappar og liknas iblant som lætet av ei grein som knirkar i vinden eller lokkelætet av ein tystlåten duetrast. Han ytrar jamvel mjukare korte einstava tikkande læte og harde «tzit». Songen skil seg heilt i frå dvergflugesnappar og består av kjappe seriar med tørre og høgfrekvente trillar, som vekslar i ulike tonehøgd og har karakteristiske trillande «r».[1] Perioden då han syng er ganske kort.

Utbreiing og systematikk[endre | endre wikiteksten]

Taigaflugesnappar blei lenge handsa som underart til dvergflugesnappar, men taksonet er no delt opp i to artar på grunn av skilnader i morfologi, læte, genetiske data og delvis med sympatrisk utbreiing.

Dette er er ein flyttfugl som hekkar på taiga i sentrale og austre Sibir, frå Ural i vest til Kamtsjatkahalvøya i aust, og så langt sør som nordlegaste Mongolia. Han overvintrar i sørlege Asia, frå austre India til sørlege Kina og fastlandet av Søraust-Asia. Streiffuglar kjem så langt sør som til Palawan i Filippinane og Borneo.

Han er ein mykje sjeldsynt gjest i Vest-Europa og den første sikre observasjonen skjedde i slutten av oktober 1998 ved Segerstad fyrstasjon på søraustre Øland i Sverige. Han er elles seinare observert i Irland, Danmark, Finnland og England.[2]

Spontant i Noreg

Eit individ av arten blei registrert på Utsira i Rogaland i oktober 2019, som den første observasjonen i Noreg.[3]

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Taigaflugesnapparen førekjem under hekkeperioden, akkurat som namnet ymtar om, på taiga med blanda lauv- og barskog og helst i underskog under høgare tre, gjerne nær vatn.[2] Under trekket og i vinterkvarteret lever han i ulike habitat av krattskog, frukthagar og parkar.

Status og trugsmål

Arten har eit stort utbreiingsområde med stabil populasjon og er ikkje trudd å vere utsett for noko spesifikt trugsmål. Ut frå desse kriterium kategoriserer Den internasjonale naturvernorganisasjonen IUCN arten som livskraftig (LC). Storleiken på populasjonen er likevel ikkje kjent.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  2. 2,0 2,1 del Hoyo, J., Collar, N., Christie, D.A. & Kirwan, G.M. (2019) Taiga Flycatcher (Ficedula albicilla) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 23. november 2019
  3. Torborg Berg, Magiske dager på Utsira høsten 2019, Vår fuglefauna: medlemstidsskrift for Norsk ornitologisk forening 42 (2019), nr. 4, side 228-232
  4. BirdLife International (2019) Species factsheet: Ficedula albicilla. Henta frå http://www.birdlife.org den 23. november 2019

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Taigaflugesnappar