Hopp til innhald

Tain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tain
Baile Dhubhthaich
by
Land  Skottland
Region Highland
Tradisjonelt grevskap Ross and Cromarty
Folketal 3 590 (2016)
Postnummer IV19
Retningsnummer 0 1862
Kart
Tain
57°48′42″N 4°03′24″W / 57.8118°N 4.0567°W / 57.8118; -4.0567
Wikimedia Commons: Tain

Tain (skotsk-gælisk Baile Dhubhthaich) er ein by i regionen Highland i Skottland. Han har kring 4 000 innbyggjarar.

Luftfoto av Tain.

Byen ligg på sørsida av Dornoch Firth, rett ovanfor Dornoch og omtrent 15 kilometer nord for Invergordon. Tain fekk det fyrste kongelege charteret sitt av Malcolm III av Skottland alt i 1066, noko som gjer byen til den eldste kongelege burghen i Skottland.[1]

Namnet på byen kjem frå elva Tain i nærleiken, som har eit namn med ei indoeuropeisk rot som tyder ‘flyt’.[2] Det gæliske namnet, Baile Dubhthaich, tyder ‘byen til Duthac’, og vier til den lokale helgenen Duthac eller Duthus.[3]

Heilage Duthac er ein tidleg kristen figur som truleg levde på 700- eller 800-talet. Eit kapell ved munningen av elva skal ha blitt bygd på fødestaden hans. Kapellet blei ein så viktig stad at det blei rekna som ein stad for asyl, noko det kongelege charteret frå 1066 anerkjende. Duthac blei offisiell helgen i 1419, og ved slutten av mellomalderen var det blitt ein viktig pilegrimsstad i Skottland. Kong Jakob IV vitja det minst ein gong i året i regjeringstida for å oppnå både åndelege og politiske mål.[1]

Under den fyrste skotske frigjeringskrigen (1296–1328) sendte Robert the Bruce kona og dottera si for å søka asyl ved kapellet. Kyrkjeasylet blei brote, og dei blei fanga av styrkar som støtta William II, jarl av Ross og gjevne over til Edvard I av England.[4]

  1. 1 2 «Tain Community Website – History & Heritage». www.tain.org.uk. Arkivert frå originalen 19. februar 2016. Henta 8. juni 2016.
  2. Taylor, Iain (2011). Place-names of Scotland. Edinburgh: Birlinn Ltd. s. 149. ISBN 978-1-78027-005-0.
  3. Iain Mac an Tailleir. «Placenames» (PDF). Pàrlamaid na h-Alba. Arkivert frå originalen (PDF) 29. mai 2008. Henta 23. juli 2007.
  4. Robert Bruce and the Community of the Realm of Scotland, by G.W.S. Barrow, Edinburgh, 1965

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tain