Taiwan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Taiwansk geografi)
Denne artikkelen handlar om kulturen og geografien til øya Taiwan. For staten som til vanleg er kjend som Taiwan, sjå Republikken Kina.
Taiwan
øy
Land  Republikken Kina
Areal 35 883 km²
Folketal 23 500 000
Kart
Taiwan
23°46′0″ N 121°0′0″ E
Wikimedia Commons: Taiwan Island

Taiwan er ei øy som ligg aust for det kinesiske fastlandet i Stillehavet. Ho er òg kjend som Formosa, eller Ilha Formosa, eit namn gjeve henne av portugisiske oppdagarar som tyder «vakker øy».

Taiwan vert styrt av den demokratisk valde forsamlinga til Republikken Kina. Dette var den same politiske eininga som styrte fastlandskina frå 1912 til 1949.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Taiwansundet skil øya frå fastlandet og har ei breidd på rundt 200 km. Elles har Taiwan kyst mot Austkinahavet i nord, Filippinhavet i aust og Sørkinahavet i sørvest. Dei austlege to tredjedelane er stort sett ulendt fjellandskap, med fem parallelle fjellkjeder som går får nord heilt til sørspissen av øya. I vest er landet flatare, og her bur størsteparten av folka.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Øya har tropisk til subtropisk monsunklima. Middeltemperaturen for januar varierer frå kring 15 °C i nord og 20 °C i sør til 28-29 °C i juli. I Taipei er den daglege maksimums- og minimumstemperaturen høvesvis 33 og 24 °C i juli, og høvesvis 18 og 12 °C i februar. Om sommaren bles monsun frå sør og er den våtaste tida av året. Om vinteren bles frålandsmonsunen frå nord og nordaust, med mindre regn, særleg på vestkysten. Årsmiddelnedbøren er 2500 mm, men varierer frå 1300 mm langs vestkysten til over 6000 mm i fjellskråningane i aust. I Taipei er den gjennomsnittlege årsnedbøren 2130 mm, med august som våtaste månad (305 mm) og november som den tørraste (66 mm). I tida kring monsunskiftet (juli-september) er tropiske syklonar (taifunar) hyppige, og skapar ofte store materielle skadar.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Kulturen på øya er ei blanding av kinesiske, japanske og vestlege tradisjonar, medan dei taiwanske urfolka har sin eigen tradisjon. Dei fleste som bur på øya snakkar mandarinspråk, etter at det har vore fremja av regjeringa og brukt som skolespråk i over førti år. Rundt 70 prosent av det taiwanske folket snakkar òg taiwansk, som er ein variant av minnan. Hakkafolket utgjer ein tidel av innbyggjarane på øya og har òg sitt eige språk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]