Taiz
Taiz | |||
تعز (Taʿizz) | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Taiz | ||
Høgd | 1 400 moh. | ||
Koordinatar | |||
Folketal | 615 222 (2014) | ||
Tidssone | Jemen standardtid (UTC+3) | ||
![]() Taiz | |||
Wikimedia Commons: Ta'izz | |||
Taiz (arabisk تعز Taʿizz) er ein by i fjella i Jemen, nær den kjende hamnebyen Mokka ved Raudehavet. Han ligg kring 1400 meter over havet med fjellet Sabir like i nærleiken på 3006 moh. Han er hovudstaden i Taiz guvernement. Med eit folketal på over 600 000 i 2005, er han den tredje største byen i Jemen etter hovudstaden Sana og den sørlege hamnebyen Aden. Han vert rekna som kulturhovudstaden i Jemen.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Oversyn[endre | endre wikiteksten]
I år 130 evt. vart det grunnlagd eit jødisk kvarter i byen.
Namnet på byen vart først nemnt på 1100-talet då Mahdi, bror til Salah ad-Din, kom til Jemen i 1173. Han bygde festningsverk i byen. Den andre rasulidekongen, Almaddhafar, gjorde på slutten av 1200-talet Taiz som den andre hovudstaden i Rasulid-dynastiet etter Zabid. Ibn Battutah vitja Taiz på 1300-talet og skildra han som ein av dei største og vakraste byane i Jemen.
Taiz heldt seg innafor bymurane fram til 1948, då imam Ahmed gjorde han til den andre hovudstaden i Jemen og let byen vekse utafor festningsmurane.
Under det jemenittiske opprøret i 2011 klarte regjeringsfiendtlege styrkar om å få kontroll over byen etter harde kampar. Den 22. mars 2015 tok houthiar og styrkar som var lojale til den tidlegare presidenten Ali Abdullah Saleh byen etter statskuppet deira i Sana.[1]
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Klima[endre | endre wikiteksten]
Taiz har eit tropisk savanneklima som er lett moderert av høgda. Den normale maksimumstemperaturen i august er 33 °C. Årsmiddelnedbøren i Taiz er kring 600 mm, men i fjellet Jabal Sabir i nærleiken kjem det truleg opp mot 1000 mm.
Klimadata for Taiz | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Månad | Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År |
Normal maks. temp. °C | 26.3 | 27.4 | 27.9 | 28.3 | 29.0 | 31.3 | 32.5 | 31.7 | 31.3 | 31.1 | 29.6 | 27.1 | 29,46 |
Normal min. temp. °C | 14.1 | 15.3 | 17.3 | 18.8 | 19.5 | 19.9 | 20.2 | 19.1 | 17.8 | 16.9 | 15.7 | 14.9 | 17,5 |
Nedbør (mm) | 9 | 12 | 37 | 68 | 89 | 73 | 60 | 89 | 110 | 91 | 17 | 5 | |
Kjelde nr. 1: Hydrological Sciences[2] | |||||||||||||
Kjelde nr. 2: Journal of Environmental Protection[3] |
Økonomi[endre | endre wikiteksten]
Tidlegare var Taiz kjend for kaffiproduksjon. Kaffien som vart produset i Taiz vart rekna som den finaste i regionen tidleg på 1900-talet.[4] Kaffien spelar framleis i stor rolle for økonomien til byen, men det vert òg dyrka mango, granateple, banan, papaya, grønsaker, korn, lauk og khat i landskapet kring byen.[5]
Av industriar i Taiz finn ein bomullsveving, garving og smykkeproduksjon.
Samferdsle[endre | endre wikiteksten]
Taiz har vegsamband til resten av landet. Byen vert betjent av Taiz internasjonale lufthamn.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Taiz» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Rebels Seize Key Parts of Jemen’s Third-Largest City, Taiz». The New York Times. 22. mars 2015. Henta 1. juni 2016.
- ↑ «Rainfall and Runoff in Jemen» (PDF). Hydrological Sciences. Arkivert frå originalen (PDF) 2018-12-25. Henta 18. mars 2013.
- ↑ Al-Buhairi, Mahyoub H.; «Analysis of Monthly, Seasonal and Annual Air Temperature Variability and Trends in Taiz City - Republic of Jemen»; in Journal of Environmental Protection, 2010 (1) ; s. 401-409
- ↑ Prothero, G.W. (1920). Arabia. London: H.M. Stationery Office. s. 83.
- ↑ Jementurisme.com, http://www.yementurisme.com/services/touristguide/detail.php?ID=2044[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- ArchNet.org. «Taizz». Cambridge, Massachusetts, USA: MIT School of Architecture and Planning. Arkivert frå originalen 2008-05-05. Henta 20. september 2018.