Tajmyrbukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa til Tajmurbukta i Karahavet.

Tajmurbukta (russisk Таймырская губа eller Tajmyrskaja Guba) er ei bukt i Karahavet i Krasnojarsk kraj i Russland som inneheld estuaret til elva Tajmur. Estuar har opning nordover frå vestkysten av Tajmyrhalvøya mot Karahavet. Breidda varierer frå om lag 4 km til 20 km. Lengda er om lag 50 km.

Tajmyrøya ligg om lag 60 km nord for munningen av bukta.

Klimaet i området er særs hardt med lange, barske vintrar og mange vinterstormar. Estuaret er islagd ni månader av året og sjølv om sommaren finn ein mykje is i bukta. Fisk som arktisk røye og muksun er vanlege i bukta.

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste øyane i Tajmurbukta (Острова Таймырской губы) er

  • Tsjeljuskin, den ytste øya i bukta.
  • Bera eller Baer (Остров Бера) er 3,5 km lang. Ho ligg midt i munningen av bukta, om lag 13 km frå Karahavet. 76°13′N 99°22′E. Denne øya er kalla opp etter den baltisk-tyske vitskapsmannen Karl Ernst von Baer. Baer medverka med forsking til polarmeteorologi mellom 1830 og 1840.
  • Nanosnyijeøyane er fire små øyar. Den største er 5 km lang og 2 km brei. Dei ligg ved munningen til estuaret.
  • Fomin (Остров Фомин) er 11,5 km lang og 3,7 km brei. Ho ligg langt inne i bukta og deler det siste strekket av Tajmurelva i to greiner. Koordinatar: 75°52′N 99°46′E. Denne øya er kalla opp etter den russiske polarforskaren Nikifor Fomin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1740-åra, under Den store nordlege ekspedisjonen, kom Nikifor Fomin til Bera og bygde ei hytte for å overvintre her.

Tajmurbukta og øyane her vart utforska av Alexander von Middendorff under ekspedisjonen hans til Sibir (1842–1845). Bera var det nordlegaste han kom under ekspedisjonen då han utforska Tajmurelva frå sør i august 1843.

Baron Eduard von Toll utforska munningen av Tajmurbukta under den siste ekspedisjonen hans i 1900-1903. Toll fann ein kampestein av kvarts som Middendorff hadde skildra. Han fann òg restane av hytta til Nikifor Fomin.

I dag er Tajmurbukta ein del av Det store arktiske nasjonale naturreservatet, det største naturreservatet i Russland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 76°04′N 99°30′E{{#coordinates:}}: kan ikke har mer enn én primærtagg per side