Tajmyrsjøen
| Tajmyrsjøen | |||
| innsjø | |||
Tajmyrsjøen ligg midt på Tajmyrhalvøya | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Tilsig | Zapadnaja, Severnaja, Bikada Nguoma, Jamutarida, Kalamissamo, Øvre Tajmyra | ||
| Utløp | Nedre Tajmyra | ||
| Lengd | 165 km | ||
| Areal | 6 990 km² | ||
| Middeldjupn | 2,8 m | ||
| Tilfrosen | sein september til juni | ||
| Koordinatar | 74°32′34″N 101°38′39″E / 74.54278°N 101.64417°E | ||
![]() Tajmyrsjøen 74°32′00″N 101°38′00″E / 74.533333333333°N 101.63333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Lake Taymyr | |||
Tajmyrsjøen (russisk Таймыр, Таймырское озеро) er ein innsjø sentralt på Tajmyrhalvøya i Krasnojarsk kraj i Russland. Han ligg sør for Byrrangafjella og har mange armar som stikk ut i alle retningar. Han er om lag 165 km lang frå aust til vest og opp til om lag 23 km brei i dei breiaste områda aust i innsjøen.
Innsjøen er isdekt frå seint i september til juni. Dei største elvane som munnar ut i innsjøen er Zapadnaja, Severnaja, Bikada Nguoma, Jamutarida, Kalamissamo og Øvre Tajmyra. Nedre Tajmyra renn vidare ut frå innsjøen. Sør for Tajmyrsjøen ligg mange mindre innsjøar.
Økologi
[endre | endre wikiteksten]Tajmyrsjøen er rik på fisk som ein typisk finn i kalde arktiske vatn, som smerling og muksun. Det er derimot noko overfiske på nokre av artane, trass i at området er avsidesliggande.
Ein har funne noko forureining av plutonium i sedimenta i Tajmyrsjøen. Dette kan vere partiklar som er ført med vinden frå atomprøvesprengingane på Novaja Zemlja under den kalde krigen.
I august held vatnet ein temperatur på 7 °C, medan han berre så vidt er over 1 °C om vinteren.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lake Taymyr» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- encyclopedia.com
- Informasjon om området med bilete[daud lenkje]
- Geologi og panteologi Arkivert 2007-11-18 ved Wayback Machine.
- Overfiske
