Tajuña

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tajuña
elv
none  Tajerareservoaret
Tajerareservoaret
Land Flag of Spain.svg Spania
Lengd 225 km
Nedslagsfelt 2 608 km²
Middelvassføring 1,87 /s
Kjelde Fuente del Carro
 - høgd 1 244 moh
Munning Jarama
 - høgd 509 moh
Wikimedia Commons: Tajuña River

Tajuña (frå latinsk Tagonius) er ei elv sentralt i Spania, som renn gjennom provinsane Guadalajara og Madrid. Ho er ei av sideelvane til Jarama som igjen er ei av sideelvane til Tajo. Ho spring ut nær byen Maranchón (Guadalajara) ved ein stad kalla Fuente del Carro nær landsbyen Clares. Nær kjelda renn ho gjennom eit landskap som består av høge lyngheier, gjennom djupe dalar som består av leire, mergel og dolomitt. Det ligg eit reservoar i elva, La Tajera, nær Cifuentes. Ho renn gjennom landsbyane Brihuega og Renera i Guadalajara og renn inn i provinsen Madrid ved Ambite. Ho renn så nær Orusco, Carabaña, Tielmes, Perales de Tajuña og Morata de Tajuña før ho munnar ut i Jarama nær Titulcia.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Nedslagsfeltet har middelhavsklima og vert tørrare nær Jarama. Det meste av nedbøren i området kjem om hausten og vinteren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]