Takanori Kōno
Takanori Kōno | |
Statsborgarskap | Japan |
Fødd | 7. mars 1969 (54 år) Nozawaonsen |
Idrett | kombinert |
Tok del i |
Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Nordic combined at the 1994 Winter Olympics – individual, Nordic combined at the 1992 Winter Olympics – team |
Takanori Kōno (japansk: 河野 孝典) (fødd 7. mars 1969) er ein japansk tidlegare kombinertrennar som åra 1992-95 vann to OL-gull og to VM-gull med Japans lag i lagtevlingane under dei store meisterskapane i perioden.
Aktiv[endre | endre wikiteksten]
Saman med Reiichi Mikata og ankermannen Kenji Ogiwara vann Kōno ein gullmedalje i lagtevlinga i kombinert under vinter-OL 1992 i Albertville. På byrjinga av den neste sesongen fekk han sitt internasjonale gjennombrot då han vart nummer to i eit verdscuprenn i Vuokatti i Finland. Under ski-VM 1993 i Falun kom han på femteplass i den individuelle øvinga, og vart verdsmeister i lagtevlinga saman med Masashi Abe og førnemnde Kenji Ogiwara. På tampen av sesongen vann han kombinerttevlinga i Holmenkollen, som aller fyrste asiat, noko som vart hans einaste siger i eit verdscuprenn. Samanlagt vart Kōno nummer tre i verdscupen i kombinert 1993.
Kōno slo Bjarte Engen Vik i kampen om sølvmedaljen i kombinert under vinterleikane på Lillehammer i 1994, der Fred Børre Lundberg vann ein suveren siger. Saman med Abe og Ogiwara syrgde Kōno så for at Japan forsvarte OL-gullet i lagtevlinga. Han kom i 1994 på andreplass i verdscupen i kombinert, einast landsmannen Ogiwara sanka fleire poeng. I sin siste sesong tok Kōno sitt andre VM-gull då Japan i Thunder Bay i 1995 forsvarte VM-tittelen i lagtevlinga frå to år i førevegen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- «Takanori Kono» (på engelsk). olympedia.org. Henta 11. februar 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1969
- Japanske kombinertløparar
- Verdsmeistrar i kombinert
- Kongepokalvinnarar i skiidrett
- Olympiske meistrar for Japan
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Japan
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1992
- Japanske deltakarar under vinter-OL 1992
- Kombinertløparar under vinter-OL 1992
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1994
- Japanske deltakarar under vinter-OL 1994
- Kombinertløparar under vinter-OL 1994