Take It Easy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Take It Easy
Singel av Eagles
frå albumet Eagles
B-side «Get You in the Mood»
Utgjeve 1. mai 1972
Innspelt 1972, Olympic Sound Studios, London
Sjanger Softrock,[1] folkrock[2]
Lengd 3:30
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Jackson Browne, Glenn Frey
Produsent Glyn Johns
Eagles-kronologi
Take It Easy «Witchy Woman»
(1972)


Take It Easy
Singel av Jackson Browne
frå albumet For Everyman
B-side «Ready or Not»
Utgjeve 1973
Innspelt 1973
Sjanger Countryrock
Lengd 3:39
Selskap Asylum
Låtskrivar(ar) Jackson Browne, Glenn Frey
Produsent Glyn Johns
Jackson Browne-kronologi
«Redneck Friend»
(1973)
Take It Easy «Walking Slow»
(1974)


«Take It Easy» er ein song skriven av Jackson Browne og Glenn Frey. Den første versjonen vart spelt inn av Eagles (med Frey på solovokal). Han vart gjeven ut som den første singelen til bandet, den 1. mai 1972. Singelen nådde 12. plassen på den 22. juli 1972 på Billboard Hot 100 i USA og låg 11 veker på lista den sommaren.[3][4][5] Det var òg opningssporet på debutalbumet til gruppa, Eagles, og har vorte ein av signaturlåtane deira som er med på alle konsert- og samlealbuma til bandet. Songen er med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll. Jackson Browne spelte seinare inn songen som opningssporet på det andre albumet hans, For Everyman (1973), og gav han òg ut som singel.[6]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jackson Browne hadde opphavleg byrja å skrive «Take It Easy» i 1971 for debutalbumet sitt, men hadde vanskar med å skrive songen ferdig. Venen og den dåverande naboen Glenn Frey høyrde ein tidleg versjon av songen og likte han så mykje at Browne gav songen til han og det nye bandet hans. Frey gjorde ferdig det andre verset (som byrjar med «...such a fine sight to see, it's a girl, my Lord, in a flatbed Ford...»[7]) og singelen klatra til 12. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100.

På Eagles-versjonen syng bassisten Randy Meisner harmonivokal i byrjinga av verset, medan trommeslagaren Don Henley syng harmonivokal mot slutten. Bernie Leadon spelar sologitar og banjoen. Produsenten på songen Glyn Johns sa - «På 'Take It Easy' fekk eg Bernie til å spele rask banjo. Dei syns alle det var ein merkelig ide, men det fungerte. Det var alt ein flott song, men den vesle banjoen i bakgrunnen gjorde det heile annleis.»[8]

Med på Browne si innspeling var Sneaky Pete Kleinowpedalsteel, i tillegg til David Lindley (på elektrisk gitar) med Browne. Perkusjonen til Micky McGee og dei andre instrumenta tonar inn i det neste sporet på albumet, «Our Lady of the Well».

Reaksjon[endre | endre wikiteksten]

I 1972 skreiv Bud Scoppa i Rolling Stone i meldinga si om debutalbumet til Eagles at «Take it Easy» var «rett og slett den beste rockesingelen som har kome ut så langt i år. Første gongen du høyrer songen kan du høyre at han har alt: dansbar rytme, fengande, svingande melodi, intelligent, stadfestande tekst og eit progressivt, mektig arrangement som miksar elektrisk gitar og banjo, og klår vokal med ein flott firestemmars harmoni på dei rette stadene for maksimal dramatisk effekt.»[9]

Winslow, Arizona[endre | endre wikiteksten]

«Take It Easy»-statuen og veggmåleriet ved 35°1'24.54" N, 110°41'53.02" W på Second St. & Kinsley Ave. i Winslow, Arizona.

Som svar til det kjende andreverset i «Take It Easy», har byen Winslow i Arizona, reist ein bronsestatue og eit veggmåleri til minne om songen ved Standin' on the Corner Park.[10]

Andre utgjevinga[endre | endre wikiteksten]

Songen vart nytta i filmen Outside Providence i 199 og ein episode av Knight Rider frå 1982.[11]


Travis Tritt-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Take It Easy
Singel av Travis Tritt
frå albumet Common Thread: The Songs of the Eagles
B-side «I Wish I Could Go Back Home"
Utgjeve 30. oktober 1993
Sjanger Country
Lengd 3:32
Selskap Giant
Produsent James Stroud[12]
Travis Tritt-kronologi
«Worth Every Mile»
(1993)
Take It Easy «Foolish Pride»
(1994)


Travis Tritt sin versjon vart spelt inn for hyllestalbumet Common Thread: The Songs of the Eagles, og vart gjeven ut som singel i 1993. Singelen nådde 21. plassen på countrylista til Billboard. I videoen til songen fekk Tritt med seg besetninga i Eagles frå 1978 til 1980.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

«Take It Easy» er òg blitt spelt inn av Ottar Johansen (som «Ta det rolig» på Hverdagshelter i 1978), Express (som «Ota Iisisti» finsk/ 1978), Robby Longo (album Take It Easy/ 2014), Alice Ripley (album Daily Practice, Volume 1/ 2011), Søren Sko (album Unpolished - 2001) og Roch Voisine (album AmerIIcana/ 2009).

Lister[endre | endre wikiteksten]

Eagles[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 12
U.S. Billboard Adult Contemporary 12
Canadian RPM Top Singlar 8

Travis Tritt[endre | endre wikiteksten]

Liste (1994) Plassering
Canada Country Tracks (RPM)[13] 12
US Country Songs (Billboard)[14] 21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Horn, David; Shepherd, John, red. (2012). Continuum Encyclopedia of Popular Music of the World. 8 – Genres: North America. Continuum. s. 174. ISBN 978-1-4411-6078-2. 
  2. http://www.allmusic.com/album/eagles-mw0000189885
  3. Billboard magazine. «Take It Easy» Chart History Accessed 17. august 2015.
  4. Allmusic.com. Eagles Awards Accessed 17. august 2015.
  5. Whitburn, Joel. Billboard Hot 100 Charts - The Seventies. Wisconsin: Record Research, 1990.
  6. Paris, Russ. The Jackson Browne Fans Page, Complete Diskografi.
  7. Glenn Frey interview, «History of the Eagles», 2013, directed by Alison Ellwood, 42:51 http://www.imdb.com/title/tt2194326/
  8. «Glyn Johns - Album by Album». Uncut.co.uk. Henta 17. august 2015. 
  9. Scoppa, Bud. Rolling Stone, Melding av Eagles, 22. juni 1972.
  10. Standin' on the Corner Park, Winslow, Arizona
  11. InternetMovieDatabase.com Jackson Browne.
  12. Common Thread: The Songs of the Eagles (CD insert). Various artists. Giant Records. 1993. 24531. 
  13. "RPM Country Tracks." RPM. Library and Archives Canada. 14. mars 1994. Retrieved August 4, 2013.
  14. "Tritt?f=357&g=Singles Travis Tritt Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Travis Tritt. Prometheus Global Media.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]