Take Me Home, Country Roads

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Take Me Home, Country Roads
Singel av John Denver
frå albumet Poems, Prayers and Promises
Utgjeve 12. april 1971
Sjanger Vise, countrypop
Lengd 3:08
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Bill Danoff, Taffy Nivert, John Denver
Produsent Milton Okun, Susan Ruskin
John Denver-kronologi
«Friends With You»
(1971)
Take Me Home, Country Roads «Everyday»
(1972)
Olivia Newton-John-kronologi
«What Is Life»
(1972)
Take Me Home, Country Roads «Let Me Be There»
(1973)

«Take Me Home, Country Roads» er ein song skriven av Bill Danoff, Taffy Nivert og John Denver, og først spelt inn av John Denver. Han var med på gjennombrotsalbumet hans, Poems, Prayers and Promises frå 1971. Singelen nådde andreplassen på den amerikanske Billboard Hot 100, berre slått av «How Can You Mend a Broken Heart» av The Bee Gees. Han vart ein av dei mest populære og kjende songane til John Denver, og vert rekna som signaturlåten hans.[1] Han har òg vorte eit viktig symbol for Vest-Virginia, som vert nemnt i teksten; til dømes vart han spelt ved gravferda for den amerikanske senatoren Robert Byrd i juli 2010.[2]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Frå og med 22. desember 1970 spelte John Denver fast på klubben The Cellar Door i Washington, D.C.. Danoff og Nivert opna for han som ein duo kalla Fat City. Den første tysdagen etter jul (Cellar Door var open frå tysdag til sundag) drog dei tre heim til seg for å spele i lag. På veg dit braut Denver den venstre tommelen sin i ei bilulukke. Han vart teken til sjukehus, der han fekk ei skjene på tommelen. Då han omsider kom attende til huset var han i følgje seg sjølv oppspilt.

Danoff og Nivert fortalte han så om ein song dei hadde arbeidd på ein månads tid. Inspirasjonen hadde kome då dei køyrde til eit slektstreff for Nivert nær Maryland. For å få tida til å gå langs vegen hadde Danoff laga ein ballade om den vesle, svingande vegen dei køyrde på. Seinare endra han soga til å passe ein ven, som brukte å skrive til han om kor vakkert det var på landsbygda i Vest-Virginia.

Opphavleg hadde Danoff og Nivert planlagt å selje songen til den populære countryartisten Johnny Cash, men då Denver høyrde songen ønskte han å ha den sjølv, og duoen som skreiv teksten valte å ikkje selje han.

Dei song songen for Denver og dei tre sat oppe heile natta, endra ord og flytta linjer rundt. Då dei var ferdig sa Denver at songen måtte med på det neste albumet hans.[3]

Songen vart framført første gongen den 30. desember 1970 under ekstranummera på settet til Denver, og songarane song teksten frå eit stykke papir. Dette førte til ein fem minuttar lang ovasjon.[4] Dei spelte songen inn i New York City i januar 1971.

Danoff og den dåverande kona hans, Mary («Taffy») Nivert, skreiv «I Guess He'd Rather Be in Colorado» og «Take Me Home, Country Roads», som begge vart hittar for John Denver. Den sistnemnte fekk status som offisiell statssong for Vest-Viriginia den 7. mars 2014, i lag med tre andre, «West Virginia Hills», «This is My West Virginia» og «West Virginia, My Home Sweet Home».[5] Danoff (frå Springfield, MA) sa at han aldri hadde vore i Vest-Virginia før han var med på å skrive songen. Han hadde til og med vurdert å nytte Massachusetts i staden for West Virginia, sidan namna på begge statane er fire stavingar lang. Denver spelte inn kring eit dusin Danoff-songar frå 1972 til slutten av karrieren hans.

«Take Me Home, Country Roads» kom ut på albumet Poems, Prayers & Promises og vart gjeven ut som singel våren 1971. Han slo gjennom nasjonalt i midten av april, men flytta seg særs seint oppover salslistene. Etter fleire veker ringde RCA Records Denver og sa til han at dei ville gje opp singelen. Han svart at dei måtte halde fram å arbeide med han. Dei gjorde dette og den 18. august hadde singelen seld 1 million.[6]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1971) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 2
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 3
U.S. Billboard Hot Country Singles 50
Canadian RPM Top Singles 3
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks 5
Canadian RPM Country Tracks 17

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Eddy Arnold spelte songen for hans Loving Her Was Easier i 1971 (RCA Victor, LSP-4625)
  • Lynn Anderson spelte ein versjon for hennar How Can I Unlove You i 1971.
  • Loretta Lynn spelte songen for hennar You're Lookin' At Country i 1971.
  • Skeeter Davis spelte songen for hennar Bring it on Home i 1971.
  • Ray Charles spelte songen i 1972 for hans A Message from the People.
  • I 1973 spelte Eddy Arnold inn ein ny versjon for Reader's Digest, Side 1 på plate nummer 6, Take Me Home Country Roads, Country Roads.
  • Olivia Newton-John spelte ein versjon i 1973 som nådde topp 10 i Japan og 15. plass i Storbritannia, men berre 119. plass i USA. Denne vart nytta under opninga av filmen Whisper of the Heart (1995).
  • I 1974 spelte countryartisten Sally Dee ein versjon for hennar Just Say Hello
  • Den franske songaren Marie Laforêt spelte ein versjon på fransk kalla «Mon pays est ici» (1972)
  • Den franske songaren Claude Francois spelte ein versjon på fransk kalla «J'ai encore ma maison» (1973).
  • I 1974 spelte Lena Zavaroni ein versjon for hennar album «Ma! (He's Making Eyes At Me)».
  • I 1975 spelte Aleksander Mežek ein versjon på slovensk kalla «Siva pot».
  • I 1975 song den tsjekkiske artisten Pavel Bobek ein versjon kalla «Ved me dál, cesto má» som vart ein stor hit og ein av signaturlåtane hans.
  • I 1975 spelte den finske songaren Tapio Heinonen ein versjon på finsk kalla «Vanha tie». Denne vart seinare ein signaturlåt for Kari Tapio.
  • Ein annan fransk songar, Dick Rivers, spelte songen på fransk i 1976 som «Faire un pont».
  • I 1979 spelte den rumenske songaren Gil Dobrica ein versjon kalla «Hai acasa».
  • Ted Hawkins spelte songen i 1986 for albumet On The Boardwalk (The Venice Beach Tapes)
  • Israel Kamakawiwóole spelte ein versjon i 1993 på Facing Future der Vest-Makaha var bytta ut med Vest-Virginia.
  • Det kristne ska-bandet The W's spelte songen i 1999 på albumet Trouble with X.
  • Toots & the Maytals spelte ein reggaeversjon der teksten er endra til å skildre Jamaica: «Almost heaven, West Jamaica» til dømes. Denne versjonen vart igjen spelt inn på ny for filmen Almost Heaven,[7] ein tysk film frå 2005 av Ed Herzog.
  • Hermes House Band spelte ein versjon påTop of the Pops då singelen vart gjeven ut i 2001.
  • Det tyske barnebandet Die Lollipops spelte ein versjon av songen som heitte «Dankeschön».
  • Carrie Underwood song songen på turneen hennar i 2010.
  • I 1994 vart songen framført av Disney's Sing-Along Songs på ein video kalla "Campout at Walt Disney World".
  • Greg Page frå The Wiggles song songen i 2002 for albumet I Believe in Music.
  • Country-artisten Daryle Singletary song songen i 2009 for albumet Rockin' in the Country.
  • I 2010 song artisten Steven Sweet ein alternativ rockeversjon av songen for debutalbumet Scratch on the Break
  • Punkrockbandet Me First and the Gimme Gimmes spelte inn songen for albumet Have Another Ball.
  • I 2011 sampla DJ Pretty Lights songen i ein remix

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]