Take Me Home av Phil Collins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Take Me Home
Singel av Phil Collins
frå albumet No Jacket Required
B-side
    • «We Said Hello Goodbye»
    • «Only You Know and I Know»
Utgjeve
    • 15. juli 1985 (Storbritannia)
    • 8. januar 1986 (USA)
Innspelt The Townhouse, London and Old Croft, Surrey, 1984
Sjanger
Lengd
    • 4:37 (singel)
    • 5:51 (album)
    • 8:03 (extended mix)
    • 6:46 (extended mix – berre Japan)
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Phil Collins
Produsent
Phil Collins-kronologi
«Don't Lose My Number»
(1985)
Take Me Home «Separate Lives»
(1985)


«Take Me Home» er ein song frå 1985 av Phil Collins på det tredjesoloalbumet hans No Jacket Required. Songen vart gjeven ut som singel i Storbritannia i juli 1985 og i USA i mars 1986. Han gjorde det forholdsvis godt i Storbritannia der han nådde 19. plass.[1] Han vart ikkje ein like stor suksess som andre singlar frå albumet, som «Sussudio» eller «One More Night» i USA, men klarte å nå 7. plassen der.[2] «Extended Mix» av «Take Me Home» vart gjeven ut på 12"-singel og var ein av seks songar på 12"ers av Collins.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Take Me Home» er ein av dei meir kjende songane til Collisn og har vore med på alle turneane hans sidan songen kom ut. Vanlege misoppfatningar om songen er at han handlar om ein mann på veg heim, eller om den psykologiske manipuleringa til det totalitære styret til George Orwell i 1984.[3] Collins har sagt at songen handlar om ein pasient på eit mentalsjukehus,[4][5] og at han er basert på romanen One Flew Over the Cuckoo's Nest.[3] Under innspelinga av «Long Long Way to Go» bad Collins Sting om å synge korvokal på denne songen. I tillegg til Sting syng òg den tidlegare bandkollegaen til Collins frå Genesis, Peter Gabriel og Helen Terry korvokal.[6]

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

I musikkvideoen kan ein sjå Collins synge songen forskjellige stader i verda, som London, New York, Tokyo, Chicago, Stockholm, Sydney, Paris, St. Louis, Los Angeles (Hollywood),[7] San Francisco og Memphis (Graceland). Mot slutten av videoen kjem Collins heim og høyrer ei kvinne inne i huset som spør han om kvar han har vore. Han svarar at han har vore i nokre av byane nemnd over. Kvinna svarar «You've been down at the pub, haven't you?"

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Songen vart generelt godt motteke. Jan DeKnock i Chicago Tribune kalla songen «hypnotisk».[8] Geoff Orens i allmusic sa den «pulserande "Take Me Home" nyttar dramet frå «In the Air Tonight» på ein meir lengselsfull måte».[9] David Fricke i Rolling Stone sa at songen hadde ein «vinnande, sirkulær rytme og ein matt melodisk struktur».[10]

«Take Me Home» vart nytta i opningsepisoden for den andre sesongen av fjernsynsserien Miami Vice,[11]. Songen vart gjeve ut på eit av albuma med musikk frå fjernsynsshowet.

«Take Me Home» finst på hyllestalbumet til Phil Collins kalla Urban Renewal, der framført av Malik Pendleton.

I 2003 baserte hip-hop-gruppa Bone Thugs-n-Harmony songen sin «Home» på denne songen.[12] På denne versjonen av songen finn ein refrenget frå Collins sin song og singelen nådde 19. plass i Storbritannia.[12] Gruppa fekk òg med seg Collins i musikkvideoen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7" vinyl[endre | endre wikiteksten]

  • UK: Virgin / VS777

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Take Me Home» (Edit)4:37
Side to
Nr.TittelLengd
1.«We Said Hello Goodbye»4:15

  • US: Atlantic / 7-89472
  • Germany: WEA / 258 830-7
  • Japan: WEA / P2058

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Take Me Home» (Edit)4:37
Side to
Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«Only You Know and I Know»CollinsDaryl Stuermer4:21

12" vinyl[endre | endre wikiteksten]

  • UK: Virgin / VS777-12
  • UK: Virgin / VSM777-12 (limited edition, in gatefold picture sleeve with integral fold-out map and stills from the «Take Me Home» video)

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Take Me Home» (Extended Mix)8:07
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Take Me Home» (Studioalbum Version)5:52
2.«We Said Hello Goodbye»4:15

CD-singel[endre | endre wikiteksten]

  • Japan: WEA International / WPCR-2066

Nr.TittelLengd
1.«Take Me Home» (Edit)4:37
2.«We Said Hello Goodbye»4:15

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1985) Plassering
Irish Singles Chart[13] 13
UK Singles Chart[1] 19
Liste (1986) Plassering
Australia (Kent Music Report)[14] 64
Canadian Singles Chart[15] 23
U.S. Billboard Hot 100[2] 7
U.S. Billboard Hot Mainstream Rock Tracks[2] 12
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks[2] 2

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Chart Stats – Phil Collins – Take Me Home». Henta 27. februar 2009. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «allmusic – Phil Collins > Charts & Awards > Billboard Singles». Henta 27. februar 2009. 
  3. 3,0 3,1 «VH-1 Storytellers: Phil Collins». VH-1 Storytellers. 14 April 1997. 
  4. Corsello, Andrew (1996). «Phil Collins interview». GQ. Henta 27. februar 2009. 
  5. Holden, Stephen (7 April 1985). «Phil Collins: Pop Music's Answer to Alfred Hitchcock». The New York Times. Henta 27. februar 2009. 
  6. «Phil Collins – No Jacket Required (CD, Album) at Discogs». Henta 27. februar 2009. 
  7. Pareles, Jon (2. november 1986). «Recent Releases Of Video Cassettes: Photos and 'White Suit'». New York Times. Henta 27. februar 2009. 
  8. DeKnock, Jan (21. mars 1986). «Sweeter Voice Takes Heart Right to the Top». Chicago Tribune. Henta 6. mars 2009. 
  9. «allmusic ((( No Jacket Required > Overview )))». allmusic. Henta 6. mars 2009. 
  10. «Phil Collins: No Jacket Required : Music Reviews : Rolling Stone». Rolling Stone. Henta 19 September 2008. 
  11. «Prodigal Son». Miami Vice. Episode 1. 27 September 1985. 
  12. 12,0 12,1 «everyHit.com – UK Top 40 Chart Archive, British Singles & Album Charts». everyhit.co.uk. Henta 25. mars 2009. 
  13. «irishcharts.ie search results». Henta 27. februar 2009. 
  14. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). St. Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 71. ISBN 0-646-11917-6.  N.B. the Kent Report chart was licensed by ARIA between mid 1983 and 19. juni 1988.
  15. «RPM Top 100 Singles – 7. juni 1986» (PDF). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]