Take Me as I Am

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Take Me as I Am»
Song av Tornike Kipiani
Land Georgia
Språk Engelsk
Utgjeve 30. januar 2020
Sjanger Rock, elektro
Lengd 02:53
Selskap Universal Music Denmark
Låtskrivar(ar) Tornike Kipiani, Aleko Berdzenishvili

«Take Me as I Am» (norsk omsetjing: ta meg som eg er) er ein song frå 2020 som vert framført av den georgiske songaren Tornike Kipiani. Songen skulle vore det georgiske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland,[1] men tevlinga vart avlyst på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020.[2]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha vunne den georgiske versjonen av Idol, vart Kipiani vald til å representere Georgia i Eurovision Song Contest 2020. Songen var internt vald av Georgias offentlege kringkasting. Ein liten del av songen vart offentleggjord 2. mars 2020, medan songen i sin heilskap vart sloppen dagen etter.[3][4][5] Musikkvideoen til songen vart regissert av Temo Kvirkvelia.[6]

«Take Me as I Am» vart skriven av Kipiani sjølv, medan Aleko Berdzenishvili produserte den. Artisten sjølv skildra låten som ein «blanding av rock, dubstep og elektronika».[1][3]

Teksta handlar om presset eg-personen følar ved å samanlikna seg med andre nasjonalitetar. Han vert beden om å «snakka som ein engelskmann», «kle seg som ein italienar», «dansa som ein spanjol», «lukte som eit fransk homme» og «spele som ein tyskar». Trass presset, er eg-personen fast bestemd på å bli verande tru mot seg sjølv og at folk skal ta han som han er, i tråd med tittelen på songen. Songteksta er engelsk, men har òg frasen «eg elskar deg» på ulike europeiske språk.[6]

I januar 2020 vart Georgia trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Rotterdam i Nederland torsdag 14. mai.[7] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[8] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Georgia: Tornike To Perform 'Take Me As I Am' At Eurovision» (på engelsk). 30. januar 2020. Henta 31. januar 2020. 
  2. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 19. mars 2020. 
  3. 3,0 3,1 «Take Tornike as he is: new details emerge about Georgia’s Eurovision 2020 entry». www.escyounited.com. 30. januar 2020. Henta 11. februar 2020. 
  4. «Georgia releases Tornike Kipiani’s song ‘Take Me As I Am’». eurovision.tv. 3. mars 2020. Henta 3. mars 2020. 
  5. «Georgia: "Take Me As I Am" Music Video Released» (på engelsk). 3. mars 2020. Henta 3. mars 2020. 
  6. 6,0 6,1 «Georgia: Tornike Kipiani releases Eurovision 2020 entry "Take Me As I Am"» (på engelsk). 3. mars 2020. Henta 3. mars 2020. 
  7. «Second Semi-Final of Rotterdam 2020». eurovision.tv. Henta 21. februar 2020. 
  8. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.