Take the «A» Train

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Take the 'A' Train»
Musikk av Billy Strayhorn, 1939
Tekst av Joya Sherrill, 1944
Publisert 1939
Innspelt av Ella Fitzgerald

«Take the 'A' Train» er ein jazzstandard av Billy Strayhorn som var ein signaturlåt for Duke Ellington. Det er utan tvil den mest kjende av mange komposisjonar som kom ut av samarabeidet mellom Ellington og Strayhorn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Strayhorn-komposisjonen kom til etter at American Society of Composers and Publishers (ASCAP) i 1940 auka lisensavgifta for å kringkaste melodiane til medlemmane sine. Mange av ASCAP-medlemmane, inkludert Ellington, kunne derfor ikkje lenger spele sine eigne komposisjonar på radio. Sidan det meste av musikken på den tida vart spelt live på radio, kom Ellington til Billy Strayhorn og sonen Mercer Ellington, som var registrert hos ASCAP-konkurrenten BMI om å «skrive ei heilt ny bok for bandet». «'A' Train» var ein av mange songar skrivne av Strayhorn, og vart plukka ut til å erstatte «Sepia Panorama» som signaturlåten til bandet. Mercer hugsa at han fann songen i søppelbøtta etter at Strayhorn kasta ei skisse av songen, fordi han høyrdest for lik ut ein Fletcher Henderson-song.[1] Songen vart spelt inn 15. januar 1941 for radio. Den første og mest kjende kommersielle innspelinga vart gjort 15. februar 1941.

Tittelen syner til den då nye undergrunnsbanen som går gjennom New York City, som på den tida gjekk frå austlege Brooklyn, ved Fulton Street Line som opna i 1936, til Harlem og nordlege Manhattan.

«Take the 'A' Train» vart komponert i 1939, etter Ellington tilbaud Strayhorn jobb i organisasjonen og gav han pengar til å reise frå Pittsburgh til New York City. Ellington skreiv ned ruta Strayhorn måtte ta for å kome fram og byrja med «Take the A Train». Strayhorn var ein stor fan av arrangementet til Fletcher Henderson. «Ein sag, då eg tenkte på stilen hans, måte han skreiv for trompetar, trombonar og saksofonar, tenkte eg at eg skulle prøve noko slikt,» sa Strayhorn i Stanley Dance sin The World Of Duke Ellington.

Sjølv om Strayhorn sa han skreiv tekst for stykket, vart den første registrerte teksten skriven av, eller for Delta Rhythm Boys. Teksten nytta av Ellington vart skriven av Joya Sherrill, som var 20 år på den tida (1944). Ho skreiv teksten heime i Detroit, medan songen gjekk på radio. Far hennar, ein kjend svart aktivist, arrangerte eit møte med Ellington. På grunn av haldninga til Joya Sherrill, vokalen hennar og den unike måten ho angreip songen på, leigde Ellington ho som vokalist og nytta teksten hennar. Vokalisten som oftast framførte songen med Ellington var trompetisten Ray Nance, som ofte la til scat-synging. Nance spelte trompetsoloen på den første innspelinga, som passa så bra til songen at han ofte er blitt etterlikna note for note av andre.

Songen er laust basert på akkordstrukturen i «Exactly Like You», og kombinerer den drivande swingen frå 1940-åra med den trygge, sofistikerte stilen til Ellington og den svarte eliten som heldt til i Sugar Hill i Harlem. Melodien er i AABA-form i C-dur.

Ella Fitzgerald song og spelte inn songen mange gonger frå 1957 og frametter. Rockegruppa Chicago spelte inn ein versjon i 1995 på albumet Night & Day Big Band. Jo Stafford spelte inn ein versjon av songen under pseudonymet Darlene Edwards.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Rolling Stones nytta songen som innleiing på konsertalbumet deira "Still Life" (American Concert 1981) frå 1982.

Phish spelte ofte songen tidleg i karrieren.

I filmen Moscow on the Hudson frå 1984 spelar Robin Williams saksofon med eit russisk sirkus, men ønsker å bli jazzmusikar. Ein kan sjå han i filmen då han spelar «Take the 'A' Train».

I 1999 inkluderte National Public Radio songen i «NPR 100», ei liste over songar som NPR meinte var dei hundre viktigaste amerikanske musikkverka på 1900-talet.

Voice of America Jazz Hour, leia av Willis Conover, nytta songen som kjenningsmelodi.

Cherry Poppin' Daddies nytta opningspartiet på piano i songen sin «Ding-Dong Daddy of the D Car Line».

Opningsnummeret i In The Heights inneheld ei kort hyllest til denne songen då Usnavi syng «You must take the 'A' Train / Even farther than Harlem to northern Manhattan and maintain / Get off at 181st and take the escalator / I hope you're writing this down, I'm gonna test ya later.»

Duke Ellington sin versjon av songen er nytta i videospelet Grand Theft Auto IV.[2]

Kjende innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Duke Ellington and Billy Strayhorn, Jazz komponists: Take the «A» Train». Smithsonian Documents Gallery. April 4 – 28. juni 2009. s. 6. Arkivert frå originalen den 25. oktober 2013. Henta 1. november 2015. 
  2. http://www.rockstargames.com/IV/

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]