Takin' It to the Streets av The Doobie Brothers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Takin' It to the Streets
Studioalbum av The Doobie Brothers
Utgjeve 19. mars 1976
Innspelt 1975
Studio Warner Bros. Studios i Nord-Hollywood og Sunset Sound i Los Angeles (miksing)
Sjanger Poprock, softrock, R&B
Lengd 38:23
Selskap Warner Bros.
Produsent Ted Templeman
The Doobie Brothers-kronologi
Stampede
(1975)
Takin' It to the Streets Best of The Doobies
(1976)


Singlar frå Takin' It to the Streets
  1. «Takin' It to the Streets» / «For Someone Special»
    Utgjeve: 17. mars 1976
  2. «Wheels of Fortune» / «Slat Key Soquel Rag»
    Utgjeve: 4. august 1976
  3. «It Keeps You Runnin'» / «Turn It Loose»
    Utgjeve: 5. oktober 1976
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[2]
The Great Rock Diskografi7/10[3]
MusicHound Rock4/5[4]
Rolling Stone(positiv)[5]
The Rolling Stone Album Guide3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]
The Village VoiceC+[7]

Takin' It to the Streets er det sjette studioalbumet til den amerikanske rockegruppa The Doobie Brothers, utgjeve 19. mars 1976 på Warner Bros. Records. Det var det første albumet deira med Michael McDonald på solovokal.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1974 byrja turnélivet å slite på bandet, særskild leiaren Tom Johnston. Ting byrja å bli verre under turneen for Stampede då han pådrog seg magesår. Tilstanden hans vart verre og dei måtte avlyste fleire konsertar. Då Johnston vart tvungen til å ta det rolegare, vurdert dei andre medlemane å legge inn årene, men då dei var i Baton Rouge, føreslo Jeff Baxter at dei kunne ringe venen og den tidlegare Steely Dan-kollegaen Michael McDonald, som på den tida var utan jobb og budde i ein garasjeleilegheit. McDonald var først motvillig, og kjende at han ikkje var ønskt, i følgje han sjølv. «dei såg etter nokon som kunne spele Hammond B-3-orgel og andre klaverinstrument, og eg var berre ein som skreiv songar og spelte piano. Men meir enn noko anna såg dei etter ein songar som kunne fylle skoa til Tommy.» Han gjekk med på å bli med ei på Le Pavillon Hotel i New Orleans, der dei flytta inn i eit lager for å øve dei neste to dagane. McDonald rekna med han berre skulle bli med bandet for resten av turneen, og vart overraska då bandet inviterte han med seg i studio for det neste albumet deira.[8]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Med Johnston på sidelinja var ikkje bandet sikkert på kva dei skulle gjere vidare eller om eit album utan han kom til å fungere. McDonald sa: «Eg visste plateselskapet fekk panikk med tanke på endringar i bandet. Dei var skeptiske til å få inn ein ny fyr. Eg var særs nøgd med å ha hatt jobben, men eg forventa ikkje meir enn det.» Med oppmuntring frå Ted Templeman byrja bandet å arbeide med songane dei hadde tilgjengeleg. Dei visste dei trengde fleire songar så McDonald tok med seg sine eigne demoar. Templeman fortalte dei i følgje Patrick Simmons: «De har ein verkeleg uslepen diamant her som de kan gjere til noko om de vil halde fram.» Dei valte å spele inn songane hans, sjølv om dei visste det ville ta dei i ei ny retning. Sjølv om Johnston var borte det meste av innspelinga, medverka han med ein song - «Turn It Loose» - i tillegg til korvokal og duettvokal med Simmons på «Wheels of Fortune». Han sa seinare «eg hadde ikkje slutta i bandet. Eg var berre ikkje i fysisk stand til å gjere det. Eg måtte halde meg heime og ta ein pause frå heile miljøet ei stund.»[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalLengd
1.«Wheels of Fortune»Patrick Simmons, Jeff Baxter, John HartmanPat Simmons, Tom Johnston4:54
2.«Takin' It to the Streets»Michael McDonaldMichael McDonald3:56
3.«8th Avenue Shuffle»SimmonsSimmons4:39
4.«Losin' End»McDonaldMcDonald3:39
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)VokalLengd
5.«Rio»Simmons, BaxterSimmons med McDonald3:49
6.«For Someone Special»Tiran PorterTiran Porter5:04
7.«It Keeps You Runnin'»McDonaldMcDonald4:20
8.«Turn It Loose»Tom JohnstonJohnston3:53
9.«Carry Me Away»Simmons, Baxter, McDonaldMcDonald4:09

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Doobie Brothers

Andre medverkande

Produksjon

  • Produsent – Ted Templeman
  • Produksjonskoordinasjon – Beth Naranjo
  • Lydteknikar – Donn Landee
  • Kunstnarisk leiar – Ed Thrasher
  • Fotografi – Dan Fong
  • Management – Bruce Cohn

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

År Liste Plassering
1976 Pop Albums 8

Singlar

År Singel Liste Plassering
1976 «Takin' It to the Streets» Pop Singles 13
1976 «Wheels of Fortune» Pop Singles 87
1977 «It Keeps You Runnin'» Pop Singles 37

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bruce Eder. «Takin' It to the Streets - The Doobie Brothers». AllMusic. Henta 5. november 2020. 
  2. Larkin, Colin (2011). The Encyclopedia of Popular Music (5th concise utg.). Omnibus Press. ISBN 0-85712-595-8. 
  3. Strong, Martin Charles (2002). «The Doobie Brothers». The Great Rock Diskografi. The National Academies. ISBN 1-84195-312-1. 
  4. «The Doobie Brothers - Takin' It to the Streets». Henta 5. november 2020. 
  5. «Album Reivews: The Doobie Brothers – Takin' It to the Streets». Rolling Stone. 2003. Arkivert frå originalen 22. april 2009. 
  6. Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. (2004). The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 253. ISBN 0-7432-0169-8. 
  7. Christgau, Robert (14. juni 1976). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 5. november 2020. 
  8. 8,0 8,1 «Old Black Water Keep on Rollin': 30 Years of the Doobie Brothers». Long Train Runnin': The Doobie Brothers 1970 - 2000 (CD Booklet). The Doobie Brothers. Warner Bros. Records. 1999. s. 33. 75876.