Takk …

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Takk ...
av Sigur Rós
Land Island
Språk Islandsk
Utgjeve 12. september 2005
Sjanger post rock
Lengd 65:32
Selskap Geffen (USA)
EMI
Produsent Sigur Rós, Ken Thomas
Kritikk
Sigur Rós-kronologi 
( ) Takk ... Hvarf-Heim
Singlar frå Takk ...
  1. «Glósóli»
    Utgjeve: 15. august 2005
  2. «Sæglópur»
    Utgjeve: 16. august 2005
  3. «Hoppípolla»
    Utgjeve: 28. november 2005

Takk ... er det fjerde studioalbumet åt det islandske post rock-bandet Sigur Rós.

Musikk og tekster[endre | endre wikiteksten]

I motsetning til det førre albumet, ( ), som vart sunge på vonlenska, er dei fleste tekstene på Takk ... skrivne på islandsk. Unntaka er songane «Andvari», «Gong» og «Mílanó» – dei blir sunge på vonlenska.

Ulike taktartar blir brukt i stor grad på albumet. Eit døme er «Andvari»: der gjentek melodien seg kvart 27. slag, med trykk på det fyrste, femte, niande, ellevte, sekstande, tjuande og tjuefemte slaget.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Sigur Rós fekk tre prisar ved Íslensku tónlistarverðlaunin, tilsvarande den norske Spellemannsprisen, i 2006. Dei vann «beste albumdesign» (saman med Ísak Winther, Alex Somers and Lukka Sigurðardóttir), «beste alternative gruppe» og «beste rockealbum» for Takk ....[11]

Bruk i media[endre | endre wikiteksten]

BBC har brukt fleire songar frå Takk ... i programma sine. «Hoppípolla» var bakgrunnsmusikk i trailerar for serien Planet Earth, og i rulleteksta til «Match of the Day», dagens kamp, under FA-cupfinalen. «Sæglópur» vart brukt i reklame for Wimbledonturneringa i 2006, og delar av «Sæglópur», «Milanó», «Gong» og «Svo hljótt» i Top Gear. «Sæglópur» var brukt i ein trailer og i TV-reklame for spelet Prince of Persia frå Ubisoft. Det internasjonale bilsportforbundet brukte «Hoppípolla» i 2009, på slutten av deira gjennomgang av Formel 1-sesongen.

«Hoppípolla» er brukt i fleire filmar som We Bought a Zoo og Penelope.

Den britiske artisten Chicane laga ein progressiv trance-remiks av «Hoppípolla» kalla «Poppiholla» i 2009.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Sigur Rós. «Mílanó» er skrive i samarbeid med kvartetten Amiina.[12][13]

Nr. Songtittel Norsk tyding[14] Lengd
1 Takk ... Takk ... 1:57
2 Glósóli Glødande sole 6:15
3 Hoppípolla Hoppe i pyttar 4:28
4 Með blóðnasir Med naseblod 2:17
5 Sé lest Eg ser eit tog 8:40
6 Sæglópur Borte på havet 7:38
7 Mílanó Milano 10:25
8 Gong Gong 5:33
9 Andvari Vinddrag 6:40
10 Svo hljótt Så stille 7:24
11 Heysátan Høysåta 4:09


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Denne artikkelen bygger på «Takk ...» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mars 2018. Kjeldene er dels frå den engelske artikkelen:

  1. Kellman, Andy. «Takk... – Sigur Rós». AllMusic. Henta 23 February 2013. 
  2. Harrison, Andrew (October 2005). «Sigur Rós: Takk». Blender (41): 143. Arkivert frå originalen 30 November 2005. Henta 12 January 2016. 
  3. Greenblatt, Leah (12 September 2005). «Takk». Entertainment Weekly. Henta 12 January 2016. 
  4. Clarke, Betty (9 September 2005). «Sigur Ros, Takk...». The Guardian. Henta 12 January 2016. 
  5. Cromelin, Richard (4 September 2005). «Directions, lost and found». Los Angeles Times. Henta 12 January 2016. 
  6. Jam, James (12 September 2005). «Sigur Ros : Takk». NME. Arkivert frå originalen 24 March 2013. Henta 27 November 2011. 
  7. Petrusich, Amanda (11 September 2005). «Sigur Rós: Takk». Pitchfork. Henta 24 November 2011. 
  8. «Sigur Rós: Takk...». Q (233): 116. October 2005. 
  9. Walters, Barry (22 September 2005). «Sigur Ros: Takk...». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 28 March 2010. Henta 24 November 2011. 
  10. Hermes, Will (October 2005). «Sigur Rós: Takk...». Spin 21 (10): 140–42. Henta 12 January 2016. 
  11. «eighteen seconds before sunrise – sigur rós news " 2006" January" 25». sigur-ros.co.uk. Arkivert frå originalen 6. juni 2011. Henta 16. februar 2009. 
  12. «sigur rós – discography " takk... tracklist and credits». sigur-ros.co.uk. Henta 8. mars 2009. 
  13. «sigur rós – discography " takk... documentary». sigur-ros.co.uk. Henta 8. mars 2009. 
  14. Omsetjingane er hovudsakleg gjort frå dei engelske omsetjingane i artikkelen Takk... med hjelp av ISLEX-ordboka.