Taklamakan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Taklamakanørkenen)
Taklamakanørken.

Taklamakan (uighurisk: تەكلىماكان قۇملۇقى, kinesisk: 塔克拉玛干沙漠) er ein ørken i Sentral-Asia, som for det meste ligg i den autonome regionen Xinjiang i Kina. Han ligg i det ovalforma Tarimbekkenet og strekkjer seg frå Pamirfjella i vest til den tidegare (no opptørka) innsjøen Lop Nur i aust, frå Tian Shan i nord til Kunlunfjella på grensa til Tibet i sør. Utstrekning i aust-vest-retning er om lag 1000 km og i nord-sør-retning rundt 500 km. Arealer er på rundt 270.000 km² og Taklimakan vert rekna som den 18. største ørkenen på jorda. Dei fleste kinesiske atomvåpentestane vart utførte i Taklamakanørkenen.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Tarimbekkenet er eit endorheisk nedslagsfelt og det lågaste punktet, Turpan-forsenkinga, ligg 154 meter under havflata.[treng kjelde] Som i andre ørkenar fører vinden saman sanddyner med ei høgd på opp til 100 m, nokre er heilt opp til 300 m høge.[1]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Tarimbekkenet.

Klimaet er kontinentalt, med lite nedbør: i vest rundt 38 og i aust berre 10 mm i året.[treng kjelde] Området er difor svært tørt og mange tidlegare elver har tørka opp. Men det fell snø i fjella rundt Tarimbekkenet og når snøen smeltar om våren vert elvane tilført vatn. Mange elvar forsvinn i ørkensanden, men somme, som den 2000 km lange Tarimelva,[1] fører vatn heilt til Lop Nur i aust, der ho forsvinn. Khotan er ei anna elv som framleis har noko vassføring når snøen smeltar. Det er fleire uttørka elveleie i området. I oasane veks det poppel og ymse buskvekstar og det vert dyrka frukt og grønsaker i frodige hagar.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Rundt kanten på ørkenen ligg det fleire oasar, både i nord og sør og fleire av desse er mellomstore byar. Til for nokre tiår sidan var dei fleste innbyggarane uighurar, men i nyare tid har mange han-kinesarar flytta inn i området, noko som har ført til fleire uighuropprør. Tidlegare budde tokharane (som tala eit indo-europeisk språk) i dette området, men dei vart fortrengt av tyrkiskspråklege uigurarane for snart 1000 år sidan.

Silkevegen[endre | endre wikiteksten]

Alternative ruter forbi Taklamakan på den nordlege Silkevegen.

Den nordlege silkevegen gjekk gjennom dette området og noko forskjellige ruter vart nytta for å koma rundt Taklamakan. Ei rute gjekk nord for Tian Shan-fjella, ei anna gjekk langs den nordlege kanten av ørkenen, austover frå Kashgar, via Aksu, Kucha, Turfan og Hami. Eit alternativ var å ta av ved Korla, Lulan og Dunhuang, i staden for Turfan og Hami. Ei anna rute gjekk langs den sørlege kanten av ørkenen: Kashgar, Yarkant, Khotan, Yutian, Qargan og Dunhuang.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Tarim (river)[daud lenkje], Multilingual Archive. (vitja 15/7-2012.)